Hopp til innhold

Reiser til Utøya for å skape nye minne

Fire ungdommar frå fylket skal i år vere med på AUF sin sommarleir på Utøya. Rebecka Randal frå Gulen håpar nye minner skal erstatte inntrykka frå dei grufulle massedrapa i 2011.

Vil skape nye minner på Utøya

FØRSTEREIS: For Rebecka Randal (innfelt) blir årets sommarleir hennar første møte med Utøya.

Foto: Jon Olav Nesvold/NTB scanpix, privat / Montasje

– Vi som ikkje har vore der før hugsar ikkje Utøya slik den var før. Vi hugsar det som skjedde i 2011, seier ho.

Randal leiar delegasjonen frå fylket som torsdag skal på den første sommarleiren til AUF på Utøya etter massedrapa. Ingen av dei fire har vore der før.

– Eg trur det blir fint. Men det er litt slik at eg grugler meg til å reise, seier ho.

Dei siste to åra har sommarleiren vore på Gulsrud i Buskerud. Randal håpar dei skal greie å attskape den gode stemninga dei har hatt der.

Og ho meiner no er den rette tida å vende tilbake.

– For dei som er litt eldre så er ikkje fire år så mykje. Men for oss som er yngre så er fire år nesten ei livstid, seier ho.

Ho forventar at det politiske vil dominere programmet, utan dei store markeringane.

– Men vi skal sjølvsagt sjå minnesmerket, seier ho.

Det sosiale er personleg det ho ser mest fram til.

– Eg er veldig glad i politikk, men det beste er det sosiale: fotballkampane, volleyballkampane, sommarflørtane, nattkafeen. Alt det som er gøy for ein ungdom, seier ho.