Hopp til innhold

Nordfjordingane ser nordover for å lokke turistar

Det går truleg mot slutten for Reisemål Stryn og Nordfjord. – Dette med å vere mange små reiselivsselskap trur eg har gått ut på dato, seier Selje-ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste).

Briksdalsbreen

TURISTAR: Turisme er ei viktig næring i Nordfjord. Når mange turistar skal bli fleire, vil nordfjordingane samarbeide med reisemålselskapa nord for fylkesgrensa.

Foto: NRK

Ottar Nygård

ORDFØRAR: Ottar Nygård i Selje føyer seg inn i rekkja blant dei som meiner eit eige reisemålsselskap berre for Nordfjord blir for små til å vere slagkraftige når turistane skal lokkast til Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Setjeordføraren målber synet som stadig fleire i Nordfjord har. Både styreleiaren og eigarkommunane er positive til å foreine Reisemål Stryn og Nordfjord med eit nytt stort og slagkraftig destinasjonsselskap på Sunnmøre.

Reisemålselskapet blir eitt av dei større på Vestlandet.

– Kan ein få på plass eit sterkt selskap, så vil det vere ein kolossal styrke for reiselivet. Det er det vi må prøve å få på plass så raskt som mogleg, seier styreleiar Åge Starheim.

Kritiske røyster

Åge Starheim

STYRELEIAR: Åge Starheim er styreleiar i Reisemål Stryn og Nordfjord.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kommunane skal snart ta stilling til saka. Styra i dei ulike selskapa jobbar med å legge fram ei sak for eigarane, som kommunestyra kan handsame i løpet av hausten. Åge Starheim håpar ein kan få avklart det meste før nyttår. I lengre tid har både styret, og fleire innan reiselivet i Nordfjorrd, meint at Reisemål Stryn og Nordfjord er for svakt. Årsaka er at kommunane og fylkeskommunen ikkje greier å skaffe nok pengar.

Ein av dei kritiske røystene kjem frå direktør ved Hotel Alexandra i Loen, Richard Grov.

– Slik kan det ikkje fortsette i framtida, seier han.

– Vi tenkjer likt

Då organisasjonen vart etablert, var kommunane tidleg ute med å satse interkommunalt på reiseliv. I fjor følgde sogningane opp med Visit Sognefjord.

No ser altså nordfjordingane endå større når dei skal lokke turistar til regionen. Nord for fylkesgrensa finn ein samarbeidspartnarar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Destinasjon Geiranger og Trollstigen.

Sven Flo

RETT: Ordførar Sven Flo (H) i Stryn meiner det er rett å sjå nordover, framfor sørover, mot resten av fylket.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi tenkjer likt, vi har ein del like destinasjonar. Her er også ein slagkraftig organisasjon også i dag, seier ordførar i Stryn, og leiar i Nordfjordrådet, Sven Flo (H).

– Har alt å bety

Det nye selskapet dekkjer eit stort område, med nokre av landets mest kjende attraksjonar.

Ved Alexandra Hotel meiner Grov at ein anten må styrke dagens selskap, eller søkje samanslåing. Direktøren meiner eit godt reisemålselskap er avgjerande.

– Det har alt å bety. Står fram vi ikkje som dyktige i den internasjonale marknaden, så har vi ikkje noko reiseliv, seier Grov.