Hopp til innhold

Kunne endeleg leggje ned grunnsteinen for etterlengta museum

I dag kunne endeleg kommunalminister Liv Signe Navarsete leggje ned grunnsteinen for det som skal bli den nye storsatsinga på museum i Sogn og Fjordane.

Grunnlegging Reiselivsmuseum

PÅ VEG: Kommunalminister Liv Signe Navarsete lot seg ikkje stoppe av ulendt underlag då ho skulle leggje ned grunnsteinen for reiselivsmuseet. Her saman med Hilde Nordskogen, frå Statsbygg og direktør for musea i Sogn og Fjordane, Anne Marie Førde.

Foto: Robert Jan Leerink

Iført småsko hadde Navarsete med seg store tankar og gode ord til Balestrand for å leggje ned det synlege beviset på at byggjinga av Norsk Reiselivmuseum no endeleg er i gang.

– Dette var rett og slett heilt fantastisk. Endeleg kan vi no verkeleg sjå konturane av det vi har jobba for i så mange år, seier prosjektleiar Inger Marie von der Lippe til NRK.

Autentisk turistbygd

Heilt sidan den spede starten i 1986 har bølgjene gått fram og tilbake for eit mogleg nasjonalt reiselivsmuseum i Balestrand. No er byggjinga i gang og von der Lippe er overtydd om at det var heilt rett å leggje museet til turistbygda.

– Det er så få autentiske bygdelag og byar igjen i Norge frå den tidlege tida for turismen. Men i Balestrand var det ingen bomber under krigen, ikkje var det industrialisering slik som i Odda og ikkje har det vore store brannar. Difor ligg Balestrand her som ei perle, der ein kan gå og sjå ei sakte utvikling over 150 år, seier prosjektleiaren.

Tett på forskinga

Ho peikar på at bygda er veldig intakt og her kan vi sjå spora etter turismen gjennom generasjonar i Norge. Samarbeid med forskingsmiljø vil og vere ein sentral del av aktiviteten ved museet.

– Den delen trur eg vi kan utvikle lettare enn andre museum, sidan vi har høgskulen og det at vi er i tett samarbeid med Sogn Folkemuseum. Vi har og eit forskingsprosjekt i samarbeid med Sheffield University i England. Då vil dei kome over og bu og forske her i periodar, med kontor i det nye bygget., kan von der Lippe fortelje.

Faktaark_NRM_Balestrand.indd

INN I FJELLET: Slik skal Norsk Reiselivsmuseum integrerast som ein del av det eksisterande bygningsmiljøet på Holmen i Balestrand.

Foto: Statsbygg

– Annleis og spennande

Ho har jobba som prosjektleiar i over ti år og er svært glad for at ein no ser resultatet av all den innsatsen som har vorte lagt ned heilt sidan politikarar og reiselivsveteranar tok initiativet frå slutten av 80-talet.

– Eg trur at dette museet kjem til å slå igjennom på ein heilt annan måte enn det er vanleg for museum. Dette blir så annleis og spennande.

Det er Statsbygg som vil stå som eigar og ansvarleg for bygginga av reiselivsmuseet i Balestrand, som vil liggande synleg, men samstundes som ein integrert del av det eksisterande bygningsmiljøet i bygda.

Blir skore inn i fjellet

Bygget er kostnadsrekna til 77,5 millionar kroner og vil ha ei flate på kring 1800 kvadratmeter.

Grunnlegging Reiselivsmuseum

PÅ PLASS: Grunnsteinen for Norsk Reiselivsmuseum.

Foto: Robert Jan Leerink

– Arkitekturen er spesiell. Bygget blir nærmast skore inn i fjellet, og tanken er å skape ei tilknyting til norsk natur. Og natur er jo eit viktig element i norsk reiseliv, forklarer Statsbygg sin prosjektleiar Nils Øyvind Bø.

Det er Førde-entreprenøren Åsen & Øvrelid AS som har fått jobben med å setje opp bygget, saman med fleire andre underlevreandørar.