I dag vart det kjent at regjeringa løyver 47 millionar kroner til museet.
Fekk det som mangla
Kvart på ti i dag kom stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) og fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) med nyhenda om at det vert løyvd pengar til museet.
Samferdsleministeren sender sine gratulasjonar til Balestrand.
- Dette er ein gledens dag, og eg vil gratulere dei som har arbeidd med dette, seier Liv Signe Navarsete (Sp).
Nasjonalt prosjekt
Bygget skal vere på 1500 kvadratmeter, og det er teikna av Askim og Lantto arkitektar.
Reiselivsmuseet er eit nasjonalt prosjekt, der målet er å dokumentere reiselivet, og korleis det har endra seg frå hest og kjerrestadiet til i dag.
Ferdig i 2011
Navarsete meiner dette syner at det er mogleg å få til noko når ein jobbar saman.
- Dette viser at det er mogleg å jobbe lokalt og regionalt, samstundes som vi som sit sentralt får makt og mynde, og at det gjev resultat.
47 millionar var summen som mangla for at Statsbygg kan starta byggjinga. Frå før er Balestrand kommune og fylkeskommunen til saman inne med 20 millionar kroner i prosjektet.
Etter planen skal museet stå ferdig i 2011.