Hopp til innhold

Tok fyr i skog langt til fjells - skikkeleg regnskur førte til sløkking

Då det tok fyr i skogen på Engelsbøfjellet i fjellområdet Måren i Høyanger, hadde brannvesenet lite å hjelpe seg med. Men ei skikkeleg regnskur gjorde til slutt susen.

Helikopter skal sløkkje brann

SKOGBRANN: Dette helikopteret kom frå Austlandet for å hjelpe til med sløkkingsarbeidet i Måren torsdag.

Foto: Lars Jonas Pedersen

– Området låg så høgt oppe, at det var fint lite brannfolka fekk gjort, fortel Kolbjørn Øvrebotten ved Brannsentralen i Florø.

Det vart difor rekvirert skogbrannhelikopter frå Austlandet, og det var venta til Høyanger i 21-tida. Det vart starta sløkking, men det var først då himmelens sluser opna seg, at ein verkeleg kunne puste letta ut.

– Dei fekk hjelp frå oven, ja, seier Øvrebotten.

Kjenner ikkje til skadeomfanget

I 23.15-tida vart brannen rekna som sløkt, og brannalarmsentralen har ikkje fått meldingar om at brannen skal ha blussa opp att.

– Nei, vi har ikkje høyrt noko om det, seier Øvrebotten.

Kor store skadar brannen har gjort, kjenner han ikkje til.

Også ved Ullebø i høyanger var det eit lynnedslag i går, men regnet gjorde sitt til at det ikkje vart noko brann å snakke om.

(Artikkelen held fram under biletet)

helikopter

TOK TIL MED SLØKKING: Helikopteret i gang med å sløkke brannen.

Foto: Guri Klævold

Mange lynnedslag

Torevêret torsdag kveld gav lyn og tore mange stadar i fylket, og fleire stadar slo lynet ned i trafostasjonar, noko som førte til mindre branntilløp.

– Klokka 22.36 var det tilløp til brann i ein trafo i Stryn, ved Bø skule. Brannvesenet måtte ut for å sløkkje, og det var ein del stadar i Nordfjord som mista straumen i periodar, seier Øvrebotten.

Han legg til at også i Gloppen var det mange straumbrot grunna lyn og tore.