Hopp til innhold

Regna 200 prosent av normalen

Både Førde, Svelgen, Fjaler og Stryn er med i kampen om kven som har hatt det våtast i februar.

Is med regn

DET BØTTER NED: Om du har tenkt at det har vore vått og grått i februar, har du heilt rett. Over 200 prosent av normalen i Førde mellom anna.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Det har definitivt vore vått ja, seier meteorologikonsulent Kari Bergfjord ved vêrvarslinga i Bergen.

Over normalen fleire stader

For når ho sjekkar statistikken for februar over kor mange dropar med regn som har kome over fjordfylket, er det ikkje tvil om at vi har teke vår del av regnkaka.

– Det er jo generelt svært vått i Sogn og Fjordane, men eg ser jo her at Førde til dømes har hatt sitt. Heile 202 prosent i forhold til normalen og det seier jo litt.

På Tefre i Førde der det står ein målestasjon, har det i februar kome 302 millimeter nedbør. I Svelgen har dei nesten hatt det like vått.

– Der var det 190 prosent i forhold til normalen med 330 millimeter nedbør, fortel Bergfjord.

Paraply

FRISKT: – Det har vore friskt kan vi vel seie i fjordfylket no i februar, seier Kari Bergfjord ved vêrvarslinga. Arkivfoto.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

19 februar var verst

Og lista hennar er lang.

På Sandane kom det 133 millimeter med regn, noko som er 148 prosent av normalen. I Stryn fekk dei sin del med 178 millimeter.

– Nokre døgn har jo vore verre enn andre. På Furuneset hadde dei 95,5 millimeter nedbør den 19. februar Og det er vel det døgnet det regna mest. Veldig mange andre stasjonar hadde mykje nedbør den dagen, seier ho.

– Men har vi vore gjennom ein rekordmånad?

– Nei, ikkje slik det ser ut no. Eg har ikkje den fulle og heile oversikta, men vi kan seie at det har vore ein av dei aller våtaste februarmånadane vi har hatt. Det kan vi, seier Bergfjord.

Fleire stader i Noreg har også fått oppleve korleis paraplyar vrenger seg og regnkleda ikkje har mykje dei skulle sagt.

– I Nordland har det vore ganske mykje nedbør også. Men kven som har fått mest kan eg ikkje seie no.

Og meir skal det bli

Breim i vatn

FLAUM: Store mengder med nedbør kan føre til store øydeleggingar. Som her i Breim der deler av bygda er under vatn. Arkivfoto.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vêrvarselet for denne veka fører ikkje Sogn og Fjordane inn i våren med det første. For måndag og tysdag er det frisk bris, sludd og snøbyer og regnbyer.

Det er også utrygt for torevêr og haglbyer både måndag og tysdag.

Også resten av veka er det venta meir nedbør.