Medan høgskular fusjonerer på Austlandet, Midt-Norge og Nord-Norge, står Vestlandet i sju steinar. Difor inviterer kunnskapsministeren alle rektorane i vest til rådslåing.
– Eg trur Kunnskapsdepartementet og Vestlands-institusjonane bør koma saman og snakka oss gjennom det heile, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.
Regjeringa er nemleg ikkje ferdig med fusjonsrundane. Medan fire høgskule- og universitetssamanslåingar på Austlandet, i Midt-Norge og Nord-Norge blei godkjente før sommaren, står Vestlandet i sju steinar. Det skapar hovudbry for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Fusjonshavari skapar moglegheiter
Dato for dialogmøtet er enno ikkje sett, men departementet prøver raskt å få samla alle dei høgare utdanningsinstitusjonane - frå Volda i nord til Haugesund i sør.
Det at nettopp Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) før sommaren ikkje blei samde med Universitetet i Stavanger om fusjon, får Haugstad til å augna nye høgskulekonstellasjonar i vest:
– Eg har tidlegare oppfatta at både Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) kunne tenkja seg å sjå nærare på eit samarbeid.
Yrkesuniversitet på Vestlandet
Høgskulen i Bergen har prøvd å få med HSH, HiSF og andre på å laga eit vestlandsuniversitet for lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Eit slikt profesjonsuniversitet har ikkje vore aktuelt på grunn av HSH si flørting med Stavanger.
Difor har heller ikkje HiSF villa gått vidare langs det sporet. Men når fusjonen på Sørvestlandet har stranda, kan denne kongstanken løftast fram att, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke:
– Ja, dette skal me vera med på å diskutera, for alle former for tett samarbeid med høgskulane på Vestlandet gagnar oss, og at fleire høgskular er med i desse dialogane, skapar fleire moglegheiter.
Stokke strekar under at standpunktet om å bli verande sjølvstendig, men med tett samarbeid med andre, ligg fast for HiSF, inntil det nye styret eventuelt vedtek andre styringssignal.
Universitetet meir på bana
Der NTNU i Trondheim og Universiteta i Nordland og Tromsø har vore sentrale i kvar sine fusjonar, har Universitetet i Bergen (UiB) så langt sagt nei til samanslåing. Ein avvisande storebror har medverka til fusjonsmotstanden ved HiSF.
Men UiB-rektor Dag Rune Olsen vil gjerne vera med på rådslåing, og viser til profesjonsuniversitetstanken:
– Me kan få til ein sterk yrkesutdanningsinstitusjon på Vestlandet, med god støtte frå UiB. Det vil vera viktig for å få på plass ei femårig lærarutdanning på Vestlandet som departementet legg opp til frå 2017.
- Les òg:
I Bergen har høgskulen og universitetet allereie handfaste planar om å samlokalisera forskargrupper og samordna førelesarar innan teknologi, helse og lærarutdanning. Det, i tillegg til ei hjelpande hand innan forsking, kan vera bidrag frå universitetet si side, seier Olsen.