Hopp til innhold

Regjeringa beklagar om lærdalsmillionar

Lærdal var lova fem millionar av staten etter brannen. No lovar regjeringa at dei kjem. Men det er usemje om dei får så mykje som dei var lova.

Erna Solberg i Lærdal

SÅG PÅ BRANNTOMTENE: Statsminister Erna Solberg og justisminister Anders Anundsen i Lærdal 20. januar 2014. Her saman med mellom andre Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim og politimeister Ronny Iden.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi har berre fått to millionar no, vi har ikkje fått noko meir. Vi skulle hatt fem, ergo er det tre millionar kroner i minus. Det må vi seie er eit ganske klart løftebrot, seier Hilmar Høl til NRK.

NRK har tidlegare fortalt at dei fem millionane som var lova til Lærdal ikkje kom, og at det kunne gå ut over andre omstillingskommunar.

No vedgår regjeringa ei misforståing og lovar pengar, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

– Vi har eit sterkt ønskje om at Lærdal skal få dei fem millionane til omstilling. Difor har vi auka potten med to millionar kroner, seier Lødemel.

«Beklagar, Sogn og Fjordane!»

Dette meiner Høgre sin stortingsmann i Sogn og Fjordane er ei gladmelding. Problemet er at lovnaden var ein betydeleg større sum, slik det stod i eit brev frå kommunaldepartementet til fylkeskommunen 23. mai i år:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune vil få auka si ramme med fem millionar kroner i statsbudsjettet for 2015»

NRK omtalte dette i førre veke. Då kom det fram at dei manglande pengane frå staten kunne gå ut over dei to andre omstillingskommunane Askvoll og Hyllestad. Det likte lærdalsordførar Jan Geir Solheim dårleg.

Hilmar Høl

ETTERLYSER PENGAR: Leiar i plan- og næringsutvalet i fylkeskommunen, Hilmar Høl (Ap), lurer på kvar millionane frå regjeringa er.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Statssekretær Jardar Jensen i kommunaldepartementet for Høgre har send ut ei melding med tittelen «Beklager, Sogn og Fjordane!»

– Etter påtrykk frå fleire kantar, blant anna frå stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, har vi no gått grundig igjennom saka på nytt og ser at dette skuldast ei misforståing, skriv Jensen.

Manglar tre millionar

Men når ein lovar fem millionar kroner og ein får to millionar, så manglar det framleis tre millionar kroner. Dette tykkjer altså ikkje Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet er spesielt imponerande.

– Dei kan gjerne rette opp dette og føle at dei har gjort jobben sin, men faktum er at vi manglar tre millionar ut frå det som var sagt og dei lovnadane som vart gjeve frå spesielt statsministeren om desse midlane, seier Høl.

Men Bjørn Lødemel i Høgre meiner ein må glede seg over dei pengane ein faktisk har fått.

– Det har vore viktig å jobbe fram slik at det har kome meir friske midlar til Sogn og Fjordane. Eg tek dette som eit veldig positivt signal i forhold til at departementet ønskjer å rette opp det som var feil, seier Lødemel.

Presisering frå ministeren

Fredag kveld tek kommunaldepartementet kontakt med NRK om ei ytterlegare presisering. No seier dei at dei "manglande" tre millionar kronene, allereie er løyvd.

Dei seier at av totalpotten som fylket får på omlag 9 millionar, skal tre millionar øyremerkast Lærdal. I tillegg får fylket no 2 ekstraordinære millionar.

Men etter brevet frå 23. mai hadde fylkeskommunen forventningar om at 5 millionar skulle kome ekstraordinært, i tillegg til dei omlag 9 millionane til omstilling.

Så no får fylket totalt 11 millionar, der dei hadde venta 14 millionar. Departementet har forsåvidt sine ord i behald med at Lærdal får totalt 5 millionar, men dei hadde venta seg 8 millionar.