Hopp til innhold

«Litt stang ut» for Åsen & Øvrelid i fjor

FØRDE (NRK): Entreprenørselskapet Åsen & Øvrelid i Førde hadde eit overskot før skatt på vel 25 millionar kroner i fjor. Det er 15 millionar mindre enn året før.

Finn Ove Øen

– TRENG NYE OPPDRAG TIL HAUSTEN: Dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka til nedgangen er færre oppdrag mot slutten av fjoråret, seier dagleg leiar Finn Ove Øen.

– Året starta bra, men så hadde vi ein del stang ut på siste halvdelen i forhold til å få tak i nye prosjekt. Det gjorde at vi ikkje fekk den veksten vi hadde håpa på, men totalt sett vil eg seie året var på det jamne.

At det var stang ut på slutten av fjoråret viser att på omsetningstala for den største byggentreprenøren i Sogn og Fjordane. Driftsinntektene til Åsen & Øvrelid gjekk ned med 46 millionar kroner frå 2013 til 2014. Resultatet før skatt gjekk ned frå vel 40 til vel 25 millionar.

I alt omsette selskapet for nesten 327 millionar kroner i 2014, mot vel 373 millionar i 2013.

Men Øen meiner omsetnaden og resultatet i fjor er meir normalt enn 2012 og 2013, som var dei to mest aktive åra i historia til Åsen & Øvrelid.

– Det var dei, og resultatmessig var nok dei åra over det vi kan forvente på det jamne.

Svelgen omsorgssenter under bygging

UNDER BYGGING: Svelgen omsorgssenter er eitt av prosjekta Åsen & Øvrelid held på med.

Foto: Åsen & Øvrelid

– Gir full gass

Inntil vidare har entreprenørselskapet arbeid til alle sine rundt 100 tilsette.

– Vi har førebels greitt med arbeid, men vi er avhengig av å få fylt på ordrereserven utover hausten. Som sagt har det vore litt stang ut på nye prosjekt, spesielt på større kontraktar, så vi gir full gass for å klare å kontrahere inn eitt eller to større prosjekt. Det er vi avhengige av.

Dei magre økonomiske utsiktene til Sogn og Fjordane fylkeskommune gjer at det er lite å hente av oppdrag derifrå, men Øen seier det er ein del å hente på kommunale oppdrag.

– Det er ein del prosjekt innan helse og omsorg, slik at marknaden er der, det gjeld berre å vere god nok i anbodsfasen.

Bustadblokk på Vie under bygging

UNDER BYGGING: På Vie i Førde skal denne bustadblokka stå klar til jul.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kom til kort på heimebane

Eitt døme på at Åsen & Øvrelid har tapt på heimebane er nybygget til Toyota Førde. Der gjekk entreprisen til Dragebygg AS frå Stadlandet.

– Det stemmer ja, der kom vi til kort, konstaterer Øen.

Åsen & Øvrelid held for tida på med bygging av omsorgssenter på Skei og i Svelgen og med bustadprosjektet Byporten i Florø. I Førde held dei på med ei bustadblokk med 14 husvære på Vie i Førde. Denne skal stå ferdig til jul i år.

Bustadprosjektet Byporten i Florø

BYPORTEN: Dette bustadprosjektet held Åsen & Øvrelid på med i Florø.

Foto: Åsen & Øvrelid

– Ser lyst på framtida

I august satsar Åsen & Øvrelid på å kome i gang med eit nytt bustadprosjekt på Bøbakkane i Førde og eitt i Sogndal.

Og på lengre sikt er dagleg leiar Finn Ove Øen optimist.

– Framtidsutsiktene er bra. Sjølv om vi føler at det har gått litt tråare det siste halve året, så er det tilstrekkeleg marknad, så eg ser lyst på framtida.