Hopp til innhold

Reagerte på lågtflyging

Politiet fekk tysdag kveld inn melding om at to motoriserte hangglidarar flaug lågt over hus og beitedyr i Loen. Det viste seg å vere eit utanlandsk filmteam som var innleigd for å filme naturen. Dei la seg flate for kritikken.