Hopp til innhold

Razzia mot landslagstrenar under EM

Politiet gjennomførte razzia mot ein austeuropeisk landslagstrenar på utøvarhotellet under vektløftar-EM i Førde i april. Dagen før blei han stogga på Flesland med doping i bagasjen.

Bergen lufthavn Flesland

TEKEN PÅ FLYPLASS: Den austeuropeiske landslagstrenaren hadde med seg doping inn til Norge.

Foto: Runa Victoria Engen

Trenaren blei stoppa i tollen på Bergen lufthavn Flesland tysdag 12. april på veg inn i Norge saman med utøvarar og andre i støtteapparatet til det aktuelle landslaget.

– Mannen hadde 15 ampullar med testosteron på seg, og fekk utferdiga eit førelegg på 5000 kroner for det, seier lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, til NRK.

Ransaka hotellrommet

Dagen etter, onsdag 13. april, gjekk politiet til aksjon mot den aktuelle landslagstrenaren, og ransaka hotellrommet hans i Førde sentrum.

– Det blei gjort ei rekkje beslag i samband med aksjonen, men mykje tyder på at det ikkje var ulovlege stoff blant det vi tok med oss, seier Fiske.

Berre dagar før EM i vektløfting starta i Førde, blei den norske landslagsutøvaren Ruth Kasirye suspendert for bruk av stoffet Meldonium.

Ikkje overraska

Generalsekretær for EM i vektløfting, Tom Farsund, vil ikkje kommentere politiaksjonen mot den austeuropeiske landslagstrenaren. EM-general Stian Grimseth seier han ikkje er overraska over meisterskapen har fått si første dopingsak.

EM-general Stian Grimseth

SANKSJONAR: EM-general Stian Grimseth ventar reaksjonar mot den aktuelle landslagstrenaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– No er dette ein trenar, men det er i høgste grad uheldig. Så får ein sjå kva som kjem fram i høve til politiet si handsaming av saka, seier han og ikkje vil spekulere i om det ulovlege stoffet var tenkt til trenaren sjølv eller utøvarar.

– Kva følgjer kan dette få for trenaren?

– Om det blir sanksjonar mot trenaren det gjeld, blir vurdert av det internasjonale eller europeiske vektløftarforbundet. Eg kjenner til ein del tilfelle der trenarar er utestengde.

Tatt mange prøvar

Grimseth sa før stemnet at han håpa det ikkje dukka opp dopingsaker under meisterskapen. Samstundes vedgjekk han at det ville bli vanskeleg med 344 utøvarar frå 40 land samla.

Under meisterskapen vart det teke mange blod- og urinprøvar.

– Fryktar du dopingsaker opp mot utøvarar?

– Det vil alltid vere risiko for at utøvarar avlegg positive prøvar, og diverre viser all historikk at slikt skjer. Så får ein bli positivt overraska om det ikkje er positive prøvar.