Rauk ut før sluttspelet
Geir Eithun frå Førde og makker Iver Horrem klarte ikkje å ta seg vidare til sluttspelet i verdsserie-turneringa i sandvolleyball i Brasil. Dei var direkte kvalifiserte til hovudrunden, men rauk ut etter å ha blitt slått 0–2 av eit kanadisk lag i åttandedelsfinalane. Morten Kvamsdal og Christian Sandlie Sørum vart beste norske i turneringa.