Raudt Sogn og Fjordane har bestemt seg for å gi økonomisk støtte til aksjonistane som kjempar mot fjorddeponi i Førdefjorden.
– Vi har vedteke på fylkesårsmøte at vi i utgangspunktet betalar ei bot på 10.000 kroner. Og så oppfordrar vi våre medlemmer til å støtte ut frå det dei har av økonomi, seier fylkesleiar Ingunn Kandal.
– Misbrukar systemet
Frank Willy i Djuvik ser raudt, og meiner dette er ei underminering av det demokratiske systemet.
– At politiske parti, som ein del av dette systemet, misbrukar det og ikkje respekterer dei lovene som det same systemet har laga, det er veldig trist. Eigentleg oppfører dei seg som at Norge skulle vere ein bananrepublikk og ikkje eit demokrati med lovar og rutinar for korleis avgjersler skal fattast.
- Les også:
Kandal i Raudt meiner saka er så viktig miljømessig at det er greitt å oppfordre til, og delta i, sivil ulydnad.
– Eg kan berre nemne Mardøla-aksjonen og ikkje minst Alta-aksjonen. Åtte år etter sa Gro Harlem Brundtland at utbygginga kanskje ikkje hadde vore naudsynt likevel. Det er ikkje alltid dei som fattar avgjerda gjer det på rett grunnlag og då meiner vi det er rett å protestere og aksjonere.
– Snakkar for si sjuke mor
Miljøpartiet dei grøne i Sogn og Fjordane oppfordrar ikkje til sivil ulydnad, men meiner dette ein viktig tryggingsventil i eit demokratisk samfunn, og seier dei forstår aksjonistane sin frustrasjon.
- Les også:
Fylkesstyremedlem Marius Langdalle Dalin seier dei ikkje har planar om å samle inn pengar, men han har forståing for Raudt sitt val.
– Eg meiner Djuvik snakkar for si sjuke mor. Han har eit heilt anna syn og er klart farga av dette. Han må meine akkurat det han vil, men han veit like godt som meg at det også vil vere saker der han vil meine at storsamfunnet er så urimelege overfor dei verdiane som ligg til grunn, at grensa hans også vil vere nådd.
Stor usemje om kor grensa går
Djuvik seier han har stor respekt for aksjonistane og andre parti sitt syn på Engebø-saka, men meiner både økonomisk og anna støtte blir å gå for langt.
– Ein kan gjerne vere usamde i avgjersler og lover, men det betyr ikkje at ein har rett til å bryte dei. Når dei går til det steget og seier at dei ikkje har respekt for avgjerslene eller lovene som blir demokratisk fatta, då snakkar vi eigentleg om anarki.
- Les også:
Også SV og Venstre i Sogn og Fjordane er imot fjorddeponi. SV har sagt at dei støttar aksjonistane, medan Sogn og Fjordane Venstre ikkje har hatt saka til vurdering.