Flesje i Balestrand vart gjort om til ei slagmark i løpet av minutt då raset skylte med seg huset til eit sambuarpar måndag kveld.
– Dette pregar lokalsamfunnet sterkt, seier ordførar Einar Målsnes i Balestrand kommune.
- OVERSIKT:
Begge funne døde
Meldinga om raset kom til politiet ved 20.20-tida måndag kveld, og det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon i området. To personar, som budde i huset, vart etter kort tid meldt sakna.
Dårleg vêr og svært stor rasfare gjorde leitearbeidet vanskeleg. Eit Sea King-redningshelikopter frå basen i Florø kom seg nesten ikkje fram til staden på grunn av uvêr. Det var for farleg å gjere søk i området, så leitearbeidet vart avslutta og starta opp igjen tysdag føremiddag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I går ettermiddag vart ein mann funnen død i elveløpet nokre hundre meter nedanfor huset som vart knust. Mannen vart funnen delvis tildekka og måtte gravast laust.
Søket var i ferd med å bli avslutta då kystvaktskipet «Andenæs» meldte ifrå om at dei hadde gjort funn i Sognefjorden tysdag kveld - medan det framleis var lyst. Mannskapet ombord i kystvaktskipet hadde funne nok ein død person - truleg den sakna kvinna. Ho vart funnen flytande i sjøen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Enorme krefter
Politiet gjekk tysdag kveld ut med namna på dei to som var meldt sakna etter raset.
Dei sakna er Eva Anna Christa Fleming (55) og Jon Lerheim (60). Det er grunn til å tru at det er det sakna sambuarparet som er funne, sidan det ikkje er andre sakna i området.
Ifølgje geologane som undersøkte staden er det enorme krefter som har vore i sving. Det låg bygningsrestar i elvefaret over ein kilometer nedover i dalen etter at naturkreftene hadde herja.
- LES OGSÅ:
Ingen sikringstiltak i byggjeprosessen
Huset som vart knust av raset vart bygd i starten på 1990-talet. NRK har fått tilgang til byggjesaksdokumenta frå kommunen.
Gardbrukaren søkte i 1990 om løyve til å byggje bustadhuset - berre nokre meter frå elva som gjekk løpsk måndag.
Dåværande teknisk sjef i kommunen tok då opp problematikken om flom- og rasfaren i området, skriv VG.
– Vi veit at det var dialog med grunneigaren om rasfaren, men det vart konkludert med at det trygt kunne byggast hus der. I ettertid ser vi at det skulle vore gjort annleis, seier plan- og utviklingssjef Arne Abrahamsen til VG onsdag.
- LES OGSÅ:
Kommunen gjekk umiddelbart i krisemøte etter raset, og dei gjekk gjennom alle sakspapira som omhandla byggjeprosessen for over 20 år sidan, og det skal ikkje ha blitt stilt krav til sikringstiltak den gongen. Ifølgje Abrahamsen vart byggjesøknaden einstemmig vedteke i bygningsrådet, skriv avisa.
Kommunen er ikkje kjent med at det det ar gått ras i dette området tidlegare. I eit handskrive brev til kommunen påpeika også grunneigaren at det ikkje hadde gått ras i området tidlegare, og at han vurderte staden som trygg.
- LES OGSÅ: