– Klokka 0700 i dag sende vi opp eit lag med klatrarar som skal rydde i rasoverbygget. Det seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket Thor Erik Skarpen til NRK laurdag.
Eit ras øydela fredag eit rasoverbygg, og tok også med seg køyreleidningen til Flåmsbana.
– Geologen som var på helikoptersynfaring fredag ettermiddag seier det framleis er rasfare i området.
- LES OGSÅ:
Planen er at klatrarane laurdag også skal utløyse ein snøskavl som står igjen i fjellsida over rasoverbygget. Når det er gjort, og ein er ferdig med å rydde i restane av rasoverbygget, reknar Skarpen med at det vil ta tre timar å få reparert køyreleidningen.
– Håpet er at vi skal kunne opne Flåmsbana for trafikk sundag.
Alternativ transport
– Alle uføresette hendingar og stengingar er sjølvsagt kjedelege for oss. Det betyr at vi ikkje får gitt det tilbodet til turistane som vi ynskjer, seier Sivert Bakk, som er driftssjef for Flåmsbana.
Bakk reknar med at mellom 400 og 500 passasjerar hadde reist med Flåmsbana laurdag, dersom den hadde vore open.
- LES OGSÅ:
– Vi får vere glade for at det skjer såpass tidleg i sesongen, og at Jernbaneverket set så mykje inn på å få ordna dette så fort som mogleg.
Flåmsbana fekk i går varsla reiseselskapa som hadde booka turar om det som hadde skjedd, og har og fått sett opp alternativ skyss for dei som skal reise frå Flåm
– Vi har sett opp buss til Ål og Voss for dei som skulle tatt toget til Myrdal og vidare med Bergensbanen.