Hopp til innhold

Ras sperrar vegane

Ras sperrar måndag morgon fleire vegar i fylket. På fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru er vegen stengd av eit ras ved Setenes. Vegtrafikksentralen fekk melding om raset like før klokka 06, entreprenøren er på veg. Også i Fjærland har det gått ras, der er innbyggjarane i store delar av bygda innesperra.