Hopp til innhold

No skal Rallarvegen bli digital

Frå 10. august blir det mogleg å slå opp Rallarvegen på mobilen for å få både tekstinformasjon og bilete.

Rallarvegen

KLIKK OG SJÅ: Med mobiltelefon og nett-tilgang kan du få opp både kart, informasjon om vegetasjon og historie.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det er Avisa Hordaland som fortel om prosjektet «Digitalt fortalt».

Her kan du sjølv ta ein titt.

Med andre ord kan syklistane frå august av få vite kva som er rundt neste sving, før dei rundar han.

– Så lang det har vore råd har vi brukt lokal fagkunnskap til tekstar, og fagfolk til å ta bilete, seier Tore Bjørgo i Hordaland Fylkeskommune til Avisa Hordaland.

Mellom anna bidreg professor Harald Kryvi og professor Svein Indrelid med informasjon.

– Det er strekninga mellom Rallarmuseet på Finse og Rallarvegen vidare til Flåm som er digitalisert, seier Børgo til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Rallarvegen

Rallarvegen – Norges flottaste sykkeltur?

Finst berre tre liknande tiltak

Førebels finst det berre tre «Digitalt fortalt»-tiltak. Du kan slå opp på telefonen for å få tekst og tilhøyrande bilete.

Dermed kan du gå gjennom heile turen heime og planleggje nøye kva du vil sjå nærare på.

Vil doble talet på innslag

Innhaldet i den digitale tenesta har eit breitt historisk spenn frå steinalderen og fram til i dag. På tenesta skal brukarane kunne finne informasjon om planter og dyr, fangst, fiske, geologi, stølsdrift, fedrift, jarnbanebygging og levemåtar langs strekninga.

Det er laga 100 innslag med informasjon, men planen er at det skal komme 100 nye innslag etter kvart.