Hopp til innhold

Skaut i kongelaget i 1965 – no er knalltøffe Ragnar (85) klar for ny finale

Ragnar Husabø (85) er nok ein gong klar for ein finale på landsskyttarstemna. Aller best hugsar han stemna i 1965 då han skaut på kongelaget.

Ragnar Husabø

KNALLTØFF: Ragnar Husabø er klar for finalen i feltskyting i klassen V73 komande fredag.

Foto: Jørn Njøs

Denne veka er tusenvis av skyttarar samla til dyst i Sandnes, og som vanleg stiller skyttarsamlaga i Sogn og Fjordane med sterke lag, og dyktige utøvarar.

Men ein som alt verkeleg har imponert er superveteranen Ragnar Husabø frå Leikanger. 85-åringen fekk 30 treff under innleiande feltskyting, og er klar for finalen komande fredag.

Sju gonger i Sandnes

– Det går gå som det går, men fram til den finalen skal eg berre slappe av og kose meg, fortel Husabø til NRK.

Heile sju gonger har han vore på landsskyttarstemna i Sandnes, og mange, mange gonger har han vore med når sogningane har teke turen til dei ulike landsstemna rundt i landet.

Skaut på kongelaget

Sjølv var han på kongelaget i 1965, den gongen då legenda Finn Amundsen vann med 332 poeng.

– Det var ei verkeleg stor oppleving, og eg har jo også vunne hurtigfelten eit par gonger, opplyser Leikanger-skyttaren.

Ragnar Husabø

SKAUT BANE: Måndag skaut Ragnar Husabø si innleiande baneskyting.

Foto: Jørn Njøs

Ingen planar om å gje seg

Når har nådd ein så respektabel alder som 85, ville dei fleste droppa å reise i mil etter mil for å skyte. Men for Ragnar er det ikkje noko alternativ.

– 85 og eit halvt er ingen alder veit du. Og så lenge helsa er nokolunde bra, så nyttar det ikkje å gje seg, ler Husabø.

Under landsskyttarstemna har mange lokale skyttarar vore i aksjon så langt. Mellom anna Ole Martin Erdal frå Førde, som med 30 treff er klar for feltfinalen for senior.