Hopp til innhold

Provoserte Høgre-årsmøte med gruvemotstand

FØRDE (NRK): Fylkesleiaren vil ha eit klart ja, og meiner regjeringa somlar med avgjerda. Men leiaren i Førde Høgre tok eit kraftig oppgjer med partiet si haldning til det omstridde gruve-deponiet i Førdefjorden.

Finn Ove Njøsen

TILBAKE I POLITIKKEN: Tidlegare fylkessekretær i Høgre, Finn Ove Njøsen, er tilbake i manesjen etter nokre år utanfor politikken. Han nytta helgas fylkesårsmøte i Høgre til å mane til motstand mot det planlagde fjorddeponiet i Førdefjorden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Når fylkesleiar og stortingsrepresentant har flagga det så sterkt, har det ikkje blitt noko stor debatt i partiet, men eg har mange veljarar og medlemmer bak meg i mitt syn, seier Finn Ove Njøsen til NRK.

Neste generasjon

Under Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte på Rica Sunnfjord Hotel tok lokallagsleiaren i Førde Høgre klart avstand frå fylkespartiet sitt offisielle standpunkt: Eit ja til gruvedrift i Naustdal med sjødeponi i Førdefjorden.

– Når Høgre har som mål å overlate naturen i minst like god stand til neste generasjon, så er programmet vårt tilsynelatande til å leve med. Men så høyrer eg på fylkesleiaren vår og stortingsrepresentanten vår som seier at dei vil støtte massedumping i Førdefjorden. Då er eg ikkje lenger sikker på at programformuleringane våre er gode nok, sa Njøsen frå fylkesårsmøtet sin talarstol.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

STRIDENS KJERNE: Det er dette som gjer spørsmålet om gruvedrift i Naustdal så betent. Overskotsmasse skal dumpast i eit sjødeponi på botnen av Førdefjorden. Saka ligg til endeleg avgjerd i regjeringa.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Fylkesleiaren meiner regjeringa somlar

Nordic Mining vil vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet ved Vevring. Overskotsmasse skal dumpast i Førdefjorden, som har status som nasjonal laksefjord. Eit område på tre kvadratkilometer vil etter utrekningane bli lagt aude i 50 år. Sogn og Fjordane Høgre har heile vegen lagt vekt på arbeidsplassane gruva vil skape, og har konkluderte med at fordelane er større enn ulempene.

I sin årsmøtetale var det derfor ein utolmodig fylkesleiar Arve Mjømen som snakka Engebø-prosjektet:

– Nordic Mining har snart brukt åtte år. Det minner meir om eit verdsmeisterskap i uthald, enn å føre ein politikk som fremjar næringslivet. Tida for avgjerd frå regjeringa er moden. Eg ser ingen grunn til å utsetje ei slik avgjerd lenger. Alle motstandarar har fått prøvd sine argument. Det kan ikkje vere meir å greie ut. Høgre i Sogn og Fjordane kan ikkje sjå nokon grunn for regjeringa å somle meir i denne saka, sa Mjømen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fylkesårsmøte, Sogn og Fjordane Høgre 2015

ÅRSMØTE: Delegatar frå heile Sogn og Fjordane er i helga samla i Førde til fylkesårsmøte i Høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Njøsen: – Lytt til faginstansane

Det fekk Njøsen til å ta til motmæle.

– Eg håpar dei som avgjer saka om fjorddeponi lyttar til Coast Seafood, Norwell, Firda Sjøfarmer, Bravo Seafood, Seaborn, Skaarfish, Fish Guard, Flokenes Fiskefarm, Fjordkysten, Svanøy Røykeri, med fleire og NHO Reiseliv og Fiskarlaget. Eg håpar dei høyrer like mykje på dei.

Er dette å levere frå seg naturen i like god stand, spurde Njøsen, og held fram:

– Med dei effektane det kan få på fjorden som rugekasse og oppvekstmiljø for laks og torsk, synest ikkje eg dette er gode framtidsutsikter. Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Mattilsynet har samla gitt høyringsfråsegn

Overfor NRK understrekar leiaren i Førde Høgre at bodskapen frå talarstolen var hans personlege meining, ikkje Førde Høgre si.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Steinbrotet i Engebøfjellet

ENGEBØFJELLET: Slik ser selskapet Nordic Mining føre seg å vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet mellom Redal og Vevring i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Førde Høgre er splitta

– Førde Høgre er delt i synet på fjorddeponi, så mitt innlegg var mitt personlege standpunkt. Det å verne livet i fjorden og dei arbeidsplassane vi alt har, veg tyngst for meg, erklærer Njøsen.

At hans eige lokallag er delt i synet på sjødeponi kom klart til uttrykk då bystyrerepresentant Bodil Kidøy Lunde tok ordet.

– Vi må akseptere at nye tiltak har ulemper. Vi må seie ja og heie på dei som satsar og tek risiko, sa ho til årsmøte.

Kidøy Lunde brukte fiskearten blålange for å setje det heile på spissen:

– Blålange. Er det naturleg at blålange som kanskje er på botnen av Førdefjorden har fått så stor plass i debatten når vi skal vurdere Engebø-prosjektet som kan gi oss 500 arbeidsplassar? Er det då naturleg å diskutere blålange? Poenget er at vi må stå meir samla og ha ei meir bevisst haldning til kva som er akseptable ulemper og kva som ikkje er det.

Frida Melvær

TOK TIL MOTMÆLE: Gruvetilhengjar og Askvoll-ordførar Frida Melvær.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Viss vi ikkje får lov til å hauste av naturressursane, blir det vanskeleg for oss. Vi kan ikkje gjere noko med sentraliseringskreftene, men vi kan bruke ressursane som ikkje kan flyttast vekk herfrå. Nye arbeidsplassar må vi ha, sa delegaten frå Førde Høgre.

  • Les også:

Askvoll og Naustdal tok til motmæle

Finn Ove Njøsen sitt innlegg mot fjorddeponi fekk også Høgre-ordførar Frida Melvær frå Askvoll og partiet sin varaordførar i Naustdal, Harald Kvame til å gripe ordet. Begge sine respektive kommunestyre har gått inn for fjorddeponi – med eit kipent ja.

– Eg representerer også ein fiskerikommune. Det ville vore galskap av meg å seie ja til noko som gjekk på tvers av fiskeri- og oppdrettsinteressene i vår kommune. Eg legg til grunn at reiseliv, oppdrettsnæringa og Nordic Mining kan leve side om side. Det er det eg har sagt ja til. Og eg har sagt ja til at det skal vere strenge miljøkrav med overvaking og kontroll, sa ei tydeleg opptrekt Frida Melvær.

Harald Kvame

TOK TIL MOTMÆLE: Gruvetilhengjar og varaordførar i Naustdal, Harald Kvame.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Du omtalar dette som avfall og dumping og så vidare. Det har heilt bevisst vore brukt av miljøorganisasjonane. Det er slikt som går inn på kjenslene til folk, sa Harald Kvame med klar adresse til Njøsen.

Jo lengre tid det, desto større blir motstanden mot dumping. Det som har gledd meg mest er at mange sterke næringslivsinteresser ha komme på bana og snakkar mot dumping.

Mjømen: – Trur det er semje i partiet

Fylkesleiar Arve Mjømen var på si side strålande nøgd etter meiningsbrytinga.

Arve Mjømen

UTOLMODIG: Fylkesleiar Arve Mjømen vil ha eit ja til fjorddeponi og ber regjeringa slutte å somle.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg set pris på meiningsutvekslinga på årsmøtet. Eg har ikkje oppfatta at vi er usamde om dette. Vi veit at det er folk blant oss som har ei anna meining, men dei har vore rimeleg tause.

– Du ber regjeringa slutte å somle?

– Det er klart vi etter kvart er utolmodige. Vi ser at det er ei vanskeleg sak som involverer eit børsnotert selskap, men eg likar ikkje somling, det held eg fast ved. Eg trur ikkje ei avgjerd er veldig langt unna, seier Mjømen som håpar regjeringa fattar endeleg vedtak før sommaren.