Hopp til innhold

Professor: – Ventemusikk er tortur

Musikken du får høyre medan du ventar i telefonkø, kan opplevast som tortur.

Telefontrøbbel (Illustrasjon)
Foto: Colourbox.com / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Det meiner professor i musikkpsykologi ved universitetet i Oslo, Even Ruud.

– Musikken er meint å gjere ventetida behageleg, men i dei fleste tilfella fører den til større frustrasjon, forklarer professoren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tvungen til å høyre på

– At ein ikkje kan leggje frå seg telefonrøret, og derfor er tvungen til å høyre på musikken, gjer at det liknar tortur, ifølgje Ruud.

Lytt på reportasjonen, og fortel oss om du er samd med professoren.

REPORTASJE: Meiner ventemusikk er tortur

Vi ynskjer óg å høyre kva for ein ventemelodi som er din favoritt, og ikkje minst, kva melodiar som du synest er tortur. Fortel di meining i kommentarfeltet under.