Hopp til innhold

Problem over alle fjellovergangane grunna uvêr

Låglandet på Vestlandet ser ut til å gå klar av dei sterke vindane frå ekstremvêret Ole, men på fjellovergangane er det store problem.

Stengde fjellovergangar

STENGT, STENGT, STENGT: Alle fjellovergangane i fylket er no stengde grunna uvêr. Over Filefjell får tungtrafikken førebels sleppe gjennom i kolonner.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Klokka 20:23 er Strynefjellet, Hemsedalsfjellet, Hardangervidda og Haukelifjell alle stengde grunna uvêr. Strynefjellet og Haukelifjell vert ikkje opna i dag.

Det er òg stengt for vanleg trafikk på Filefjell, men her slepp tungtrafikken gjennom i kolonner inntil vidare.

I tillegg er dei mindre overgangane Tyin-Årdal, Hol-Aurland og Vikafjellet stengde. Vikafjellet vert ikkje opna i dag.

– Det var venta at me også kom til å få smake på det dårlege vêret, spesielt i fjellet i Sør-Norge, seier Tore Tysse hjå Statens vegvesen.

– Planlegg ventetid

Ekstremvêret Ole er venta å treffe Nord Norge i dag. Men allereie i går melde meteorologane at det kom til å bli problem på fjellet i Sør-Norge.

– Eg ville verken planlagd ein skitur eller å passere ein fjellovergang i desse områda laurdag. Faktisk har eg ei kjensel av at enkelte i etterkant vil karakterisere det som «eit helvetes vêr», skreiv han på si Facebook-side.

Tysse hjå Statens vegvesen oppmodar folk om å planlegge for at dei kan måtte vente lenge. Vegane kan bli stengde.

– Det er meld over 20 meter i sekundet utover dagen. Vi forventar ikkje at det endrar seg til det betre, seier Tysse.

Hemsedalsfjellet

LITE BILAR: På Hemsedalsfjellet er det skikkeleg ruskevêr og vegen er stengt for trafikk.

Foto: Statens vegvesen (Webkamera)

– Må du, så ta med klede, mat og vatn

Tysse vil ikkje sei at folk skal halde seg heim, men åtvarar dei som køyrer til fjells om å planlegge godt.

– Viss de absolutt må køyre over: oppdater dykk kva som er ope, og forvent at kan bli stengd. Ta med varme klede, mykje drivstoff og mat og vatn, seier Tysse og legg til:

– Ver observante når de køyrer.