Festivalen som i år startar ein dag tidlegare, opnar med bluegrasskonsert i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Tidlegare på dagen får dei eldre i Gloppen besøk av Kari Svendsen. Saman med Ila Auto skal Svendsen også underhalde dei minste med eige show.
– Norsk Countrytreff er ein festival for alle, unge som gamle, og for alle musikalske uttrykk, seier artistansvarleg Nils R. Sandal i ei pressemelding.
Prisvinnarar
ETTERTRAKTA: Hellbillies spelar ein konsert i Sogn og Fjordane i år.
Foto: Arne KRistian Gansmo / NRKDet er tredje gongen Hellbillies står på scena under Norsk Countrytreff på Fjordhestgarden. Bandet har i løpet av 22 år gjeve ut 12 album og er blitt eitt av landets mest etterspurde liveband.
I alt har dei hausta tre Spelemannsprisar. Når Hellbillies avsluttar fredagen på hovudscena, blir det deira einaste konsert i Sogn og Fjordane i år.
I tillegg kjem også årets beste countrygruppe frå Spellemannsprisen, Onkel Tuka, blir å finne på Breim i år. Frå tidlegare er det kjent at laurdag 14. juli.