Pris til Søyland

Arkivfoto © NRK

Arkivfoto © NRK

Ingrid Søyland frå Jølster vart tildelt Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane 2004 under Fylkeskappleiken i helga.

Søyland har i 25 år vore ei drivkraft i kulturlivet i Jølster og Sogn og Fjordane, særleg innanfor folkedans og folkemusikk, heiter det i grunngjevinga.

Søyland er ein mykje brukt instruktør og førelesar i folkedans. Ho har òg hatt ei rekkje tillitsverv i ulike folkemusikkorganisasjonar.

Det er Sogn og Fjordane Folkemusikklag som deler ut prisen annakvart år.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.