Hopp til innhold

Presset på kommunetilsette vil berre auke

For om kommunane no slit med å følgje sin del av samhandlingsreforma, har dei ingen grunn til å gle seg til framtida.

Illustrasjonsbilde sykehuskorridor

FRYKTAR DETTE: Maktar ikkje kommunane å ta sin del av jobben med samhandlingsreforma, fryktar Helse Førde at dei vil ende opp med fleire korridorpasientar.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det som er mest urovekkjande er at kommunane ikkje klarer å møte den tida som kjem. Då vert pasientane liggande der dei er, og vi får dei ikkje ut av sjukehuset. Konsekvensen er fleire korridorpasientar og eit dysfunksjonelt spesialisthelsetilbod, seier fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablikk.

Fleire eldre vert fleire pasientar

Hans Johan Breidablikk

URO: – For kvar pasient kommunane har i dag, får dei to i framtida. Då kjem dei verkelege utfordringane for kommunane, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Talet på eldre aukar. Samstundes melder kommunane tilbake at dei treng fleire tilsette for å klare å ta seg av pasientane.

– For kvar pasient dei har i dag, får dei to i framtida. Då kjem dei verkelege utfordringane for kommunane. Dei må finne nye måtar å behandle og samhandle på, seier han.

For sjukehusa sender pasientar ut så snart dei kan, og dermed er det heimkommunen sitt ansvar å behandle pasienten vidare. Med aukande tal eldre, vil talet på pasientar auke.

Helse Førde klarer å få ned liggedøgna slik samhandlingsreforma krev.

– Dette er eit av hovudformåla ved samhandlingsreforma. Det kan ikkje vere ei overrasking.

Treng pengar og kompetanse

Førde sentralsjukehus

SENDER UT: Helse Førde kan ikkje sjå bort frå at dei sender ut pasientar for tidleg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ei undersøking utført av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking på oppdrag av fylkeskommunen viser at heile 43 prosent av dei som jobbar ute i kommunane meiner pasientar vert skrivne ut for tidleg.

– Eg trur det viktigaste vert kompetanse og friske mildar til å møte auken i talet på pasientar kommunane skal ta seg av, seier KS-leiar Jenny Følling.

Følling peikar på at pasientar frå sjukehusa fører til press på andre pasientgrupper i kommunane. Og tala viser at det er ein auke i talet på reinnleggingar i Helse Førde.

Fleire kjem tilbake til sjukehusa

Vidar Roseth er nøgd med arbeidet med å redusere talet på liggedøgn i Sogn og FJordane.

MÅ UNDERSØKJE: Samhandlingssjef Vidar Roseth seier dei vil sjå nærare på tala sine for å prøve finne årsaker til at fleire pasientar kjem fortare tilbake til sjukehus etter utskriving.

Foto: Privat

– I 2011 var det litt over 16 prosent av pasientane som vart innlagt innan 30 dagar etter at dei var utskrivne. I 2014 var det nær 21 prosent, seier samhandlingssjef i Helse Førde Vidar Roseth

– Kva er årsaka?

– Ein del kommunar bør ruste opp sine tenester for å kunne gje eit tilbod på ein betre måte. Men vi kan ikkje sjå bort frå at for sjuke pasientar vert skrivne ut for tidleg frå sjukehus, seier Roseth.

Vil slå saman kommunar

Jenny Følling

TEK TID: – Det vil ta tid før kommunane er rigga til å møte utfordringane, seier KS-leiar Jenny Følling.

Foto: Alf Vidar Snæland

Breidablikk meiner kommunane ikkje kjem unna samanslåingar og samarbeid på tvers av kommunegrenser om dei skal klare å handtere samhandlingsreforma.

– Dei vurderingane klarer kommunane å ta sjølv, slår Følling fast.