Barn må i oppveksten sin gjere mange ting for første gang. «Klart eg kan» heiter ein ny dokumentarserie med born som forsøker seg på ting dei har lyst å klare.
Her kan du sjå born som tek sin første tur på skøyter, reiser med fly åleine for første gong, sluttar med smokk, deltek i store danseframsyningar, tek hol i øyret og padlar til ei øy for å overnatte.
Har premiere 22. desember
Det er NRK sitt kontor i Sogn og Fjordane som har ansvaret for serien som har med born frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Rogaland og Oppland. NRK sine kontor i Oppland og Rogaland har også laga kvar sin episode til serien.
«Klart eg kan» har fått sendetid i det populære TV-programmet Julemorgen på NRK Super i jula med premiere den 22. desember.
Eva Westvik i NRK Sogn og Fjordane har laga dei fleste episodane i den nye serien.
– Gjennom opptak og redigering av serien, har eg fått ei påminning om kva det er å vekse opp. Ungar gjer utruleg mange ting for første gong. Dei blir kasta ut i den eine utfordringa etter den andre, både smått og stort. Sett i forhold til modige ungar i oppvekst er vaksne fulle av risikovegring, seier Westvik.
Førpremiere på Nordfjordeid
Måndag 19. fekk borna frå den nye serien sjå serien i storsalen i Operahuset. Dit var også foreldre, søsken, besteforeldre og andre små og store invitert.
– Vi gler oss veldig til å vise fram den nye serien. Det er ikkje så mange som lagar denne typen fjernsyn for born, så vi er spent på kva sjåarane synst om den. Det seier Stian Sjursen Takle, som er prosjektleiar for «Klart eg kan».
– Må våge for å lykkast
Opptaka til serien er gjort i løpet av året, og viser eit breitt spekter av aktivitetar.
– Ungane i serien er ungar vi alle har noko å lære av. Dei er modige ungar, som gir mykje av seg sjølve og viser at det gjeld å våge for å lykkast. Ikkje minst viser dei at det er lov å prøve om att og om att om ein ikkje lukkast på første forsøk. Dette er ein gjeng uthaldande barn, seier serieskaparen Eva Westvik.
Eigen musikkvideo
Torbjørn Ellingsen frå Sogndal og Odd-Erik Lothe frå Eid har laga kjenningsmelodien til den nye serien. Denne har NRK laga musikkvideo til, saman med fire av borna som deltek i serien.
Musikkvideoen hadde premiere på NRK Super på laurdag, og vil bli å sjå på barnekanalen i tida framover i tillegg til serien.
– Det er ein veldig fengjande fin låt, som det er lett å få hengande fast på hjernen. Den passar flott til serien, og eg trur det er ei låt både små og store vil like, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.