Hopp til innhold

For eitt år sidan vart den populære vegen sperra av steinras – er framleis ikkje opna

Vassbygdvegen i Aurland kommune har vore stengt i eitt år på grunn av ras. Både lokalbefolkning, politikarar og turistmiljøet ønsker å opne vegen att. Men alt står på pengane.

Vassbygdvegen ras

RAS: Vassbygdvegen har vore stengd i eitt år. Mellom 10 og 15 meter av vegen har rast heilt ut, og kommunen ventar framleis på å finne ut kor mykje det vil koste å reparere skadane.

Foto: Arne Veum

– For turismen sin del burde han opnast att. Han gir tilgang til meir natur, og det er jo det me prøver å framheve med plassen. Me er ein kommune som satsar på turisme, seier Axel Tokvam som jobbar på turistinformasjonen i Aurland.

Vassbygdvegen var hovudvegen inn til bygda frå 1923 fram til det kom tunnel tidleg på 1970-talet, då Oslo Lysverker bygde vegen i samband med den store kraftutbygginga i Aurland på 70-talet.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka om at vegen no har vore stengd i eitt år.

– Mange turistar vel Vassbygdvegen

Likevel har tek mange framleis i bruk Vassbygdvegen som tur-, gang- og sykkelsti. Tokvam ved turistkontoret har ikkje har eksakte tal på kor mange turistar som vel vegen, men seier det er ganske mange.

– Det er ein bonus å ha ein veg som faktisk er interessant for turistar. Ein del turistar brukar han som alternativ til vegen, ein del på grunn av naturen dei får sett.

– Dei likar det dei ser langs vegen: fjellandskap, fossar, naturen rett og slett. Han gir god tilgang til vestlandsnaturen. Han er i bruk også, eller var i bruk. Alle vegane våre er viktige for å få turistar. Det gir oss fleire inngangar, seier Tokvam.

– Det er ein veg som er viktig for dykk som jobbar med turisme?

– Den og dei andre vegane er ganske viktige for å verkeleg syne kva staden har å by på av natur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vassbygdvegen

ALLE VIL: Ordføraren seier at både kommunen og innbyggjarane ønsker å ordne opp og opne vegen att, men at det står på pengane.

Foto: Arne Veum

Det står på pengane

– Vi ventar på eit kostnadsoverskot. Det har formannskapet sagt at vi vil ha på bordet, slik at vi kan ta stilling til ei eventuell utbetring i samband med budsjettprosessen som startar rett over sumarferien.

Det seier ordførar Noralv Distad i Aurland kommune. Budsjettet for 2015 skal kommunen vedta i desember.

Distad seier rundt 10–15 meter av vegbana er rast ut. Ein geolog har gjort ei vurdering av det svært bratte området, og kome fram til at det må sikrast før ein entreprenør kan gå inn i området for å gjere eit arbeid.

«Alle» ønsker utbetring av vegen

Ordføraren seier at det ikkje står på viljen i kommunen til å rydde opp og setje vegen i stand att.

– Det har vore eit sterkt ynskje både frå innbyggjarane der og frå politisk hald at skadane skal rettast opp slik at ein framleis kan bruke vegen som ein gang- og sykkelveg på utsida av Vassbygdtunellen, seier Distad og held fram:

– Vassbygdvegen er spesiell. Han er på 1,3 kilometer, med fleire små tunnelar. Vegen har historisk verdi, men kan også ha nyttefunksjon i framtida.

– Så den gamle vegen, Vassbygdvegen, kan ha ein funksjon både av historisk verdi, for folk som bur der, og for turismen?

– Ja, da, det kan han. Vi er ikkje heilt avhengig av han, men det er stor interesse for å få vegen på plass att, både i Vassbygdi og resten av kommunen. Det er teke opp og etterlyst i kommunestyret fleire gonger.

– Så du som ordførar og frå politisk hald er de innstilte på å opne vegen att og ta denne kostnaden?

– I utgangspunktet er vi det. Men vi lyt ha konstantane på bordet. Det er alltid ei kost, nytte vurdering, og ei vurdering av kva tid vi har moglegheit til å gjennomføre det. No må vi ha kostnadsoverslaget på plass, før vi kan ta stilling til det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vassbygdvegen stengd

SPERRA: Noralv Distad ber alle respektere skilta og sperrebanda. Han var i dag på synfaring i området.

Foto: Noralv Distad

– Viktig historisk, for turisme og for beredskap

Tokvam ved turistkontoret er heilt einig i at kostnadane spelar inn, men meiner likevel vegen bør opnast.

– Det er jo sjølvsagt alltid eit spørsmål kostnad kontra kor mykje ein får att for det. Men frå eit turismeperspektiv burde vegen opnast.

– Er du samd i at vegen er viktig for å trekkje turistar?

– Ja, det er ein veg som har vore nytta ein god del. Det er veldig mange som går Aurlandsdalen, svarar ordførar Distad.

Distad seier det finst gode transportløysingar og bussruter til og frå Vassbygdi, og meiner difor at dei ikkje er avhengige av vegen fordi det finst andre løysingar.

Likevel meiner han vegen er viktig på fleire måtar, ikkje berre for turistar og fastbuande som ønskjer å gå eller sykle.

– Det er fleire omsyn som tilseier at vi utbetrar skaden på vegen. Han har ei viss historisk betydning. Og han kan vere viktig av beredskapsomsyn dersom det vert stenging i tunnelen, som ein moglegheit for omkøyring på Vassbygdvegen.

– Folk må respektere skilta og sperringane

Sogn Avis hadde onsdag ein artikkel der det vert hevda at turistar har byrja klatre over raset. Ordføraren seier til NRK at han berre kjenner historier om slik farleg lek gjennom artikkelen.

– Det er sett opp sperring og skilt, men på bakgrunn av opplysningane som kom fram gjennom media, så skal eg og fungerande teknisk sjef på synfaring i området for å sjå til at skilta og sperrebanda er på plass, seier Distad.

Han vil på det sterkaste rå folk til å ikkje bevege seg i rasområdet.

– Det må dei ikkje gjere, det er altfor risikabelt. Det er mi oppmoding til dei som måtte tenkje på å gå der. Så skal me syte for at skilta er på plass, og det skal me sjekke no i løpet av dagen.