Hopp til innhold

Trur mange lensmannskontor vil ryke

Både regionlensmannen i Sogn og fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund er svært kritiske til at regjeringa kallar politireforma ei nærpolitireform

Arne Johannessen i Politiets fellesforbund

SENTRALISERINGSREFORM: Det er det rette ordet for reforma, meiner mangeårig leiar i Politiets Fellesforbund, og no regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Eg reagerer på ordbruken. Det rette ordet er ei sentraliseringsreform. Det bør dei tore å seie rett ut, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Kjetil Drange

TILLITSVALD: Kjetil Drange.

Foto: Vidar Gudvangen / RNK

– Eg stiller meg undrande til at dei kallar det ei nærpolitireform når vi ser stort fokus på sentralisering. Det er sentralisering av makt og politistyrkar når så mange lensmannskontor ryk, seier Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund.

Begge to understrekar at dei ser ein del bra og spanande ting i forslaget til politireform som Regjeringa og Venstre la fram i dag.

– 12 distrikt er verken fugl eller fisk

I forslaget, som skal behandlast av Stortinget i vår, legg Høgre, Framstegspartiet og Venstre opp til ein reduksjon frå 27 til 12 politidistrikt, der Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman.

– 12 distrikt er verken fugl eller fisk. Det ber preg av eit politisk kompromiss, og er eit resultat ingen har bede om. Det blir ei blanding av ein fylkespolitimodell der du slår saman opp mot tre fylke, og aust-Finnmark som blir ståande att åleine som politidistrikt, seier Johannessen.

Politimeister Ronny Iden har vore for at Sogn og Fjordane skal bestå som eige politidistrikt, og seier han er det enno.

– Det vil eg vere til eg har sett grunngjevinga frå regjeringa for kvifor dei har vald løysinga med 12 distrikt. Vi leverer gode resultat på dei fleste område vi blir målt på i Sogn og Fjordane, og eg trur vi er best til å drive og organisere polititenestene her i fylket, seier Iden.

Ronny Iden

POLITIMEISTER: Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven

Politimeisteren understrekar at han støttar fleire av intensjonane i reforma, som meir politi ute i teneste, mål på kortare responstid, kommunikasjon med innbyggjarane på digitale plattformer og polititenestemenn som kan utføre meir arbeid på staden.

– Fylkesmodellen best for beredskap

Lensmann Johannessen trur ikkje reforma blir til det betre for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Han går framleis for ein modell med politidistrikt inndelt etter fylke, mellom anna på grunn av beredskapen ved store hendingar.

– Det vil sikre samhandling mellom fylkesmannen, brann, politi, sivilforsvar, heimevern, akkurat slike ting 22. juli-kommisjonen påpeikte veldig sterkt. Dette skal behandlast demokratisk i Stortinget, og vi veit at Senterpartiet har tona flagg. Det er det rom for at andre parti kan gjere også, seier Johannessen.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, er samd i vurderinga av beredskapskvalitetane til fylkespolitimodellen.

– Det er eit godt utgangspunkt for samvirke i alt som går på beredskapsteneste. Mykje anna av samvirkeressursane er knytte opp til fylkesgrensene.

Trur mange lensmannskontor vil ryke

I dag er det 354 lensmannskontor i landet. På pressekonferansen i dag sa justisminister Anders Anundsen (Frp) at det blir færre enn 354 i framtida, men meir enn Politianalysen sitt forslag om 210.

Det blir Politidirektoratet som avgjer kva kontor som skal slåast saman.

– Politikarane skyv heile ansvaret over på direktoratet og gir dei fullmakt. Eg er ikkje i tvil om at det betyr sterkare sentralisering, seier Johannessen.

I avtalen mellom Høgre, Frp og Venstre står det at «lokale interesser» skal involverast før tenestestadar vert slegne saman, og at kommunane som blir påverka kan klage til Justis- og beredskapsdepartementet.

– Det spørst kva grad av påverknad lokalpolitikarane kjem til å få. Det er ein del ubesvarte spørsmål, seier Drange i fellesforbundet.