Hopp til innhold

Frå 24-timars politikar til arbeidsledig

Arve Helle (Ap) har vore ordførar i Fjaler i 12 år. Over natta står den svært aktive heiltidspolitikaren heilt utan arbeid.

Arve Helle

24-TIMARS POLITIKAR: Arve Helle seier ordførarvervet har teke store delar av døgnet, og prøver å sjå det positive i rolegare dagar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Alle visste at resultatet frå sist var umogleg å forsvare. Men vi hadde ikkje forventa at vi skulle gå så mykje tilbake, seier Arve Helle

Han tapte om lag 15 prosentpoeng og fire mandat. Likevel fekk han 30 prosent og vart nest største parti. Men i forhandlingar gav Ap og Høgre ordførarklubba til Venstre og Gunhild Berge Stang.

– Når eg tok innover meg at det var slutt, må eg innrømme at eg var i kjellaren ein halvtime. Men eg kom meg opp att og prøver å angripe dette offensivt.

24-timars politikar

Det er ein kjent og vanskeleg situasjon som mange ordførarar hamnar i: På nokre få, nervøse kveldstimar kvart fjerde år blir jobbframtida avgjort. Alt eller ingenting. Profilert heildagsjobb eller ingenting å gjere etter morgonkaffien.

– Andre får vurdere jobben eg har gjort, men ingen kan ta meg på at eg ikkje har vore tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Det har gått utover privatlivet. Eg føler sjølv eg har ofra alt for dette, seier Helle.

Til trass for at han så gjerne skulle ha halde fram, prøver Helle difor å finne det positive i situasjonen.

– Fleire har sagt at eg sannsynlegvis har godt av rolegare dagar. Og som privatperson er det godt mogleg, seier den avtroppande ordføraren.

Arve Helle

SLUTT PÅ DETTE: Møter, oppdrag, arrangement, partimøte, partiarrangement, telefonar frå media og radiointervju, som på bilete. Slikt blir det langt mindre av framover for Arve Helle.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

12 gode år? – Nei, 12 fantastiske år

Men som eit politisk dyr og engasjert samfunnsmenneske kan han ikkje sjå for seg ein betre jobb.

– Du får sette dagsorden i eit lokalsamfunn du er veldig oppteken av å utvikle vidare. Du får møte mykje spennande nye folk. Du lærer veldig mykje og får mykje kunnskap. I sum har det vore ei fantastisk reise.

– Så det har vore 12 gode år?

– Det har vore 12 fantastiske år. Eg er veldig glad eg har fått oppleve dette. Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar einaste dag, sjølv om det har storma og nokre dagar har vore tyngre enn andre, seier Helle.

Kva no?

Korleis dagane no blir framover, er ikkje godt å seie. For verva som menig kommunestyrerepresentant i Fjaler og fylkestingsmedlem er ikkje betalte.

– Eg har ingen jobb å gå til. Eg var i Sogn og Fjordane fotballkrets når eg blei ordførar. Hadde permisjon første perioden, men sa opp etter den. No må eg ut på jobbmarknaden.

Men kva det blir, er svært usikkert.

– Ein kan ikkje ha ein plan-B i denne bransjen. Difor er det litt for ferskt til at eg har tenkt på det. Eg må lande og tømme hovudet mitt litt, og så får eg byrje å sjå etter jobb.