Hopp til innhold

– Vi kan ikkje legge skulda på jentene, vi må gjere det motsette

Politikarar refsar sexolog etter utspel om at jenter må skjerpe seg og vere meir tydlege på at dei ikkje vil ha sex. Men Frp på si side støttar sexologen.

Russefest på Festplassen i Førde natt til 1. mai 2011

REAGERER: Dei kvinnepolitiske talspersonane i Høgre og SV meiner sexolog-utspel kan vere til skade for mange offer. Russetida har hittil vore prega av fleire valdtektssaker. Dette er eit illustrasjonbilete.

Foto: Simon Solheim / NRK

Sexolog Margrete Wiede Aasland, også leiar for Institutt for klinisk sexologi og terapi, sa til NRK.no i går at jentene ikkje kan gni og gnukke på gutane og så seie nei til å ha sex.

Dette utspelet reagerer kvinnepolitisk talsperson i Høgre, Julie Voldberg, kraftig på. Ho meiner utspelet til sexologen er sårande for dei som blir utsette for seksuelle overgrep.

Valdtekter har prega russen

Julie Voldberg

REAGERER: Jule Voldberg, kvinnepolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Høyre

– Vi kan ikkje legge skulda over på jentene, vi må gjere det motsette. Eg er redd utsegnene til sexolog Wiede Aasland vil føre til at jenter som har blitt valdtekne ikkje orkar å politimelde overgrep, seier Voldberg til NRK.no.

Hittil har russetida vore prega av tre valdtektssaker. I Førde er ein russ sikta for mogleg valdtekt av ei jente på ein russefest natt til onsdag og i Oslo er tre gutar sikta for valdtekt på Tryvann.

I Ålesund jaktar politiet på ein mogleg valdtektsmann etter ein russefest natt til torsdag.

Voldberg seier mange jenter som er utsette for valdtekter opplever at det er vanskeleg å melde det til politiet.

– Det er mange grunnar til det. Ein av dei er at mange føler at dei blir stigmatiserte, men mange vil ikkje melde valdtekter fordi oppklaringsporsenten er låg. Mange menn og kvinner som har begått valdtekter seier ofte at dei trudde jenta ville, seier Voldberg.

– Dei som blir utsette for det lider psykisk resten av livet, og då kan vi ikkje meine at jentene har ansvar for det som har skjedd. Slike signal er livsfarlige å sende ut.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sexolog Margrete Wiede Aasland om russevaldtekter

FÅR REFS: Sexolog Margrete Wiede Aasland er nedslått over alle valdtektssakene i russetida, men meiner likevel at mange jenter må vere tydlege på at dei ikkje vil ha sex.

SV: – Det er aldri offeret sin feil

Marthe Hammer

REAGERER: Marthe Hammer, kvinnepolitisk leiar i SV.

Foto: Pressefoto

Kvinnepolitisk leiar i Sosialistisk Venstreparti, Marthe Hammer, støttar Høgre i denne saka. Hammer meiner utspelet til sexolog Margrete Wiede Aasland er over streken.

– Det er aldri offeret sin feil. Det er alltid den som begår overgrep som har ansvaret. Det blir ikkje riktig å plassere skulda på jentene, seier Hammer til NRK.no.

Men har ikkje jentene også eit ansvar?

– Vi må bli flinkare til å styrke sjølvtilliten til jentene slik at det blir lettare å seie nei. Flørting kan skje i alle former. Sjølv om ein gnir og gnukkar betyr det ikkje at ein skal ha sex. Det er mange gutar som også flørter og gnikkar på jentene for å seie det slik. Eg synest utspelet til sexologen er veldig rart, svarar Hammer.

NETT-TV: Mogleg russevaltekt i Førde

Video b43f1f5b-f00a-4bbe-924d-60b0a416e547.png

NETT-TV: Mogleg russevaldtekt på Festplassen i Førde natt til onsdag 4. mai.

Sexolog: – Eg forstår at gutane blir forvirra

Sexolog Margrete Wiede Aasland er tydleg på at ho tek avstand frå valdtekter, men seier jentene også må oppføre seg og vere tydlege på at dei ikkje vil ha sex. Dei fleste overgrepssakene omhandlar personar som har kjent kvarandre frå før.

Wiede Aasland har gjennom jobben hatt terapisamtalar med både dei som blir skulda for valdtekt og dei som blir utsette for det. Ho seier jentene ofte gjer gutane svært usikre:

– Eg forstår at gutane av og til blir forvirra. Det er ofte svært vanskeleg å oppfatte jentene sine signal, og det er ofte ikkje så lett å forstå at jentene ikkje har lyst til å ha sex. Jentene må bli meir tydlege og skjerpe seg, seier sexologen til NRK.no.

Solveig Horne (Frp)

STØTTE: Solveig Horne, kvinnepolitisk talsmann i Frp, meiner sexologen har mange gode poeng.

Foto: Stortinget

Ho er likevel nedslått over at russ nyleg har vore innblanda i fleire valdtektssaker her i landet.

– Har like mykje ansvar

Framstegspartiet sin kvinnepolitiske talsmann, Solveig Horne, støttar sexologen sitt utspel. Ho seier Wiede Aasland har mange gode poeng.

– Jentene har eit ansvar for kva situasjon dei set seg i, men gutane har også eit ansvar for å respektere eit nei. Eg meiner både gutane og jentene har like mykje ansvar, seier Horne.

– Ein må gje klar beskjed på kor langt ein vil gå når ein rotar med ein person. Alle har eit ansvar for å gje beskjed om kor langt ein vil gå.