Hopp til innhold

Lokalpolitikarar orkar ikkje å drive valkamp - lei av kjeft i striden om val av E39-trasè

Lokalpolitikarar frå Ap og Høgre er så pressa i krangel om E39 at dei knapt orkar å drive valkamp.
I Nordfjord er striden så bitter at politikarar har mista motivasjonen.

Olin Johanne Henden E39 trase

Erlend Blaalid Oldeide /Statens vegvesen

Foto: Erlend Blaalid Oldeide /Statens vegvesen / NRK

– Motivasjonen til Gloppen Høgre er veldig liten for å drive aktiv valkamp, seier leiaren i Gloppen Høgre Olin Johanne Henden. Ho er også gruppenestleiar for Høgre på fylkestinget.

Toppkandidaten til Høgre i Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, vil flytte E39 traseen vekk frå hennar kommune, det har gjort veljarane rasande.

Regjeringa har lova ferjefri E39, men greier ikkje å bli samde om kor bruene skal byggast. Usemje er det også i Hordaland og Møre og Romsdal. I går sa statssekretær Geir Pollestad i Samferdsledepartementet at avgjerslene må kome i år om ikkje vegplanlegginga skal bli utsett.

Får mykje pepper

Den førre lokallagsleiaren har meldt seg ut, og lysta til å drive valkamp er borte hjå mange lokale partifolk i Nordfjord.

– No jobbar eg i butikk og har gjennom det kontakt med mange av veljarane i Gloppen, og dei eintydige signala er at dei er veldig misnøgde med vår toppkandidat og at dei difor ikkje ønskjer å stemme på Høgre, seier Henden.

Ho meiner det difor ikkje er nødvendig å stå på ein valkampstand for å høyre det.

Det er ikkje berre Høgre som strevar med krangel om kor E39 skal gå.

Siri Sandvik, Eid Ap
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På andre sida av Nordfjorden i Eid er engasjementet enormt. Her droppar lokallaget til Arbeiderpartiet å gå på dørene med roser. Lokallagsleiar Siri Sandvik trur det blir mest kjeft å få.

– Vi er no berre menneske og det er jo grenser for kor mykje vi orkar å ta imot, seier ho. Sandvik seier det har vore mykje pepar mot dei.

Har ikkje gitt opp

Lokallaget opplevde også at dagens regjeringa har kutta kraftig i lokalsjukehuset i kommunen, når Ap på fylkesplan i tillegg vil flytte E39 til nabokommunen og knuse draumen om bru har det ført til masseutmelding i Eid Ap.

Samstundes seier Sandvik at dei ikkje har gitt opp håpet om å få til ei løysing i striden som har ført til krangel til topps i regjeringa mellom SV og Senterpartiet på eine sida og Ap på den andre.

– Det er det vi jobbar med og på ein måte ser vi litt at vi får det no, så eg er betinga optimist, seier Sandvik.

Ho seier også andre lokallag ser verdien i at regjeringa vil gi 400 millionar til vegen mellom Olden og Innvik, og gjere det om til riksveg i tillegg til bru Anda-Lote.

andre saker

– Eg må seie at det er litt trist viss dei lar ei sak overskygge alt anna, seier Ingrid Heggø, fyrstekandidat til Stortinget frå Ap, som i går på besøk i Årdal.

Heggø seier det er ei retningsval detta stortingsvalet og det betyr at vi må mobilisere alle. Ho håpar at den bitre vegstriden i Sogn og Fjordane ikkje vil overskygge andre viktige saker.

Sjølv meiner ho å ha gjort sitt for å fram ei semje.

– Eg har jo sjølv vore med på eit forslag der vi legger traseen til indre linje, men vi skal oppruste til europavegstandard frå Nordfjordeid til Byrkjelo. Først med 20 minuttsferje, så med bru i sikte, seier Heggø.

Vanskeleg sak

Heller ikkje Bjørn Lødemel som er Høgre sin toppkandidat i Sogn og Fjordane likar at lokale Høgrefolk ikkje greier å motivere seg. Han går for eit indre E39 alternativ som vil vere billegare for staten å bygge.

– Det er klart at dette er ei vanskeleg sak. Det er jo berre å lese avisene det så ser ein at her er det veldig harde skuldingar og sterk ordbruk, så det er jo ei trasig sak. Men for Høgre sin del så har vi behandla det på ein ryddig måte, seier Lødemel.

Han seier han forstår at det er vanskeleg i Gloppen og Eid og at det er mykje som tyder på at Høgre kjem til å gjere eit dårleg val i desse kommunane.

Overkøyrd av sine eigne

Tilbake på Sandane seier Olin Johanne Henden at E39 er den viktigaste saka for Gloppen. Håpet til Henden er bru der ferja går i dag, det vil gi rask veg til Eid, Volda, Stryn og Måløy. No kjenner ho seg overkøyrde av sine eigne, då blir valkampen ei tøff tid. Til helga vil Gloppen Høgre ta i mot Høgre-topp Jan Tore Sanner, etter det fins det ingen konkrete planar for valkamp.

– Det er faktisk veldig trist og leit og det går inn på mange av oss, vi har vore aktiv i Høgre og stått på og endeleg så går det vegen, meiningsmålingane er veldig gode, men så veit vi samstundes at vi har ein stortingskandidat som kjem til å jobbe for ei dårleg løysing her i Nordjord, seier Henden.