Hopp til innhold

Politikarane sa nei, no skal transportnæringa sjølve utdanne elevane

Transportnæringa i fylket har bestemt seg for å syte for at elevar som vil halde fram sjåførutdanninga si i Førde skal få eit tilbod.

Denne klassen kan bli råka av nedlegging

FÅR HALDE FRAM: Denne klassen på Mo og Øyrane var bestemt fjerna frå neste år, men no får dei likevel halde fram. Frå venstre: Lærar Reidar Svalheim, Robert Olsen, Bjørn Grytvik, Ørjan Ekornrud, Jannike Kleppe, Gunstein Strømsnes og Nikolai Nordbotten.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Vi har ikkje noko val, vi må ta ansvar sjølve, seier dagleg leiar for transport og logistikk, Rune Apneseth.

Styret har no bestemt at dei går saman med transportverksemdene i fylket og tilbyr elevane lærekontrakt etter eitt års skulegang. Dermed blir det eitt år skule og tre år som lærlingar, medan det vanlege er to år på skule og to år i lære.

Vi gjev dei den teorien dei i grunn skulle hatt på vg2, for vi toler ikkje å misse eit rekrutteringsår, seier Apneseth.

Transportnæringa har tidlegare uttrykt stor uro for at rekrutteringa til yrket ville bli særs vanskeleg om tilbodet i Førde vart lagt ned. Likevel avgjorde fylkespolitikarane i byrjinga av desember å fjerne tilbodet.

Stort behov for sjåførar

Her er eit skrikande behov for at sjåførar skal kunne bu i Sogn og Fjordane. På kort sikt ville vi ikkje fått køyrt skulebussane eller køyrt ut mjølk og brød til butikkane, seier Apneseth.

Rune Apneseth

TEK ANSVAR SJØLVE: Dagleg leiar for oppløringskontoret for transport og logistikk, Rune Apneseth, seier næringa ikkje har anna val enn å sjølve tilby utdanning for elevane.

Foto: NRK

Fylkesleiaren i transportarbeidarforeininga ser positivt på løysinga som no har kome i stand.

Når politikarane ikkje vil vere med, så må vi ta skeia i eigne hender og gjere det beste ut av det. Lærlingar det må vi ha, for elles er sjåførane ei døyande rase, seier Inge-Johan Kirketeig.

Positvt, men fryktar kostnadane

Han er likevel uroa for at ei slik løysing vil medføre auka kostnadar for verksemdene, men Apneseth meiner det ikkje er tilfelle.

– Vi reknar med å finansiere teoridelen gjennom offentleg tilskot. Løysinga vi har no blir ikkje rimelegare for det offentlege, for det er noko meir tilskot som følgjer av ei slik organisering. Vi skriv 3-årskontraktar, og det er ein heilt legal måte å tilby utdanning på, seier Apneseth.

Næringa kryssar fingrane for at fylkespolitikarane gjer om på eige vedtak for det neste skuleåret, slik at tilbodet kan starte opp i offentleg regi frå 2017.

Kjem tilbodet opp att då så heisar vi flagget for det, viss ikkje så får vi halde fram med dette.