Hopp til innhold

Kommunepolitikar omkom i ulykke - kommunen i sorg

Det var den mangeårige politikaren Ivar Hermod Buskaker (61) som omkom i ulykka på fylkesveg 55 ved Hafslo måndag kveld.

Tre bilar involvert i ulukke på Hafslo.

Dødsulykke på Hafslo

– Eg kan stadfeste at det er Ivar Hermod Buskaker som omkom i ulykka i går kveld. Dei pårørande er informerte, og offentleggjering av namnet er i samråd med dei, seier lensmann i Luster kommune, Asle Karoliussen.

Ivar Buskaker har vore folkevald i Luster i mange år, i denne perioden som kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem for Arbeidarpartiet. Buskaker var på veg heim til Hafslo frå eit kommunalt møte i Gaupne då ulykka skjedde.

Luster-ordførar Ivar Kvalen er sterkt prega av å ha mista ein politikarkollega, og fortel at hendinga pregar alle dei tilsette på rådhuset i Luster.

– Dette er ein veldig trist dag. Vi har måtte teke ein pause i arbeidet i dag. Våre tankar går til Ivar sin familie, seier Kvalen, som er tydeleg merkt av ulykka.

Innstiller all møteverksemd

Han var mellom dei som var på møte med Buskaker i går kveld, like før ulykka.

– Ivar var ein sentral politikar, sat i formannskapet og var gruppeleiar for Arbeidarpartiet. Vi hadde stor møteverksemd denne veka, og vi var seinast på møte i lag i går kveld, seier Kvalen.

All møteverksemd i Luster kommune vert innstilt denne veka.

– Kommunen sitt kriseteam er i beredskap, og er klare dersom nokon har behov, seier Kvalen.

Ulykka skjedde då ein bil som kom frå Gaupne mot Hafslo, stoppa på fylkesveg 55 då han skulle køyre av mot Kjos.

– Det kom ein bil i mot som han ville vente på, seier Karoliussen.

Gjekk rundt på taket

Bilen som kom bak den ventande bilen på fylkesveg 55, klarte ikkje å stoppe.

– Han sneia så vidt borti bilen som stod i ro, før han gjekk rundt på taket og hadde også ein samanstøyt med bilen om kom i mot, seier Karoliussen.

Den omkomne mannen var førar av bilen som gjekk rundt.

Den 19 år gamle mannen som var førar av bilen som kom i mot, vart køyrd til Førde sentralsjukehus med lettare skadar.

AMK opplyser at mannen vart utskriven i dag, etter å ha tilbragt natta til observasjon på vanleg avdeling.