Hopp til innhold

Bombegruppa sjekkar sprengstoff i dag

Politiet veit enno ikkje kva for sprengstoff som var i pakken som vart funnen i Lærdal.

Mystisk pakke i Lærdal

VAR EKSPLOSIVER: Det var sprengstoff i pakken som vart funnen i Lærdal tysdag. Eit bustadhus vart sperra av medan politiet arbeidde på staden.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi veit enno ikkje kva for sprengstoff som var i pakken, seier lensmann i Lærdal Per Tomas Klingenberg.

Bombegruppa kom med hundar

Ein person fann pakken i fjøra ved utløpet til Lærdalselva, tok den med seg heim og kontakta politiet.

– På bakgrunn av det personen som fann pakken fortalde, bad vi han om å oppbevare den på ein spesiell stad. Og politiet fann ut at det einaste rette var å be bombegruppa frå Oslo om å komme, seier Klingenberg.

Og bombegruppa med hundar kom i 20-tida tysdag kveld for å undersøkje den mistenkelege pakken. Ut over kvelden vart det klart at det var sprengstoff i den.

Sperring i Lærdal

SPERRA OMRÅDE: Politiet sette sperringar rundt huset der pakken vart funnen.

Foto: NRK-tipsar

Veit lite

Men onsdag har ikkje politiet noka forklaring på korleis ei pakke med sprengstoff hamna i sjøkanten i Lærdal.

– Nei, vi veit ikkje korleis eller kvifor den hamna der. Den kan ha kome med flaumen, men den kan også ha kome ned Lærdaleelva. Det er ikkje godt i seie, seier Klingenberg.

Bombegruppa er spesialtrente til å ta hand om situasjonar der det er gjort funn av mistenkelege gjenstandar. Tysdag gjekk dei inn i området der pakken var.

– Etterpå fekk vi stadfesta at det var eksplosiv i den, seier lensmannen.

Bombehund i Lærdal

FEKK HJELP: Bombegruppa var på plass i går kveld med hundar som er ekspertar på å snuse seg fram til sprengstoff.

Foto: NRK-tipsar

Etterforskar vidare

– Veit du noko om kor mykje sprengstoff det var i pakken?

– Nei, det veit vi ikkje, men den var ikkje så stor. Så så veldig mykje kan det ikkje ha vore.

– Kva skjer no med pakken?

– Bombegruppa tok med seg pakken tilbake til Oslo og slik eg har forstått det har dei uskadeleggjort den der.

– Kva vil skje vidare med denne saka?

– Vi vil truleg få meir informasjon, men kor tid veit vi ikkje, seier Klingenberg.