Hopp til innhold

Politiet legg vekk «Sylvarnes»-uhellet

Politiet legg vekk uhellet med rutebåten «Sylvarnes» i Florabassenget i juni. – Det er ikkje bevist noko straffbart forhold, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes.

Fjord1 krasja med gjestebrygga

KRASJA: Politiet konkluderer med at det var tekniske årsak til at «Sylvarnes» krasja i gjestebrygga ved Fugleskjærskaia i sommar.

Foto: Egil Aardal / NRK

Det vart tidleg peika på teknisk svikt som mogleg årsak til at båten med 15 personar om bord rende i gjestebrygga ved Fugleskjærskaia i juni .

Ingen personar vart skadde, men ein fritidsbåt sokk medan to andre båtar fekk skade.

– Sjøfartsdirektoratet har gjort sine undersøkingar av båten og har konkludert med at det er teknisk svikt som er årsaka, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved politistasjonen i Flora.

Kunne ikkje gjort meir

«Sylvarnes» var like før uhellet til service . I etterkant har Sjøfartsdirektoratet gått grundig gjennom framdrifts- og styresystemet på «Sylvarnes». Dei konkluderte med teknisk svikt.

Dermed la politiet i førre månad vekk saka mot båtføraren.

– Vi har heller ikkje funne noko som tyder på at førar kunne gjort noko annleis enn han gjorde for å hindre ulukka, seier Barsnes.