Hopp til innhold

Politiet i Vågsøy går dør til dør

Politiet i Vågsøy går dør til dør i etterforskinga av den påsette brannen i Sør-Vågsøy kirke.

Brann ved Sør-Vågsøy kyrkje

UKJEND GJERNINGSMANN: Personen som står bak eldspåsetjinga av Sør-Vågsøy kyrkje i helga er framleis på frifot.

Foto: Michael Heltne

Dei har framleis ingen mistenkte i saka, og held alle dører opne.

– Ein dør-til-dør-aksjon gjer at dei får samla opplysningar. Det er for å sikre at vi får snakke med alle folk som bur i område, samstundes som vi også spør om dei manglar ei Blåtind-flaske med tennvæske, seier konstituert lensmann i Vågsøy, Tor Sæther.

Held alle moglegheiter opne

Han fortel at dette har gitt dei ei meir samla oversikt over opplysningar, men kan ikkje i detalj fortelje kva dei har fått vite. Likevel er dei ikkje nærare nokon gjerningsmann.

– Vi held alle moglegheiter opne. Det er ingen som er mistenkt i saka endå.

Politiet ser ikkje eldspåsetjinga i samanheng med andre saker i området. Dei har heller ingen konkrete tankar om kva slags folk som står bak.

– Det vil bli feil av oss å låse oss til ein teori. Vi stiller heilt ope, slik at eg kan heller ikkje seie noko om dette. Så lenge vi ikkje veit kven som har gjort det så held vi alle moglegheiter opne, seier Sæther.

– God måte å samle informasjon

Sjølv om dei går frå dør til dør i lokalområdet vurderer politiet også at det kan vere andre enn lokale folk som står bak.

– Det å gå dør til dør er ein god måte å samle inn informasjon på, og då sikrar vi at vi får kontakt med alle som bur i det området vi går i. Då er det mogleg at vi får opplysningar som vi ikkje er kjende med frå før, seier Sæther.