Hopp til innhold

Politiet har arrestert mann etter to innbrot

Både Pikant og Picasso har hatt innbrot i restaurantlokala sine i Førde sentrum i løpet av natt til måndag. Ein mann i 40-åra er mistenkt for å stå bak begge innbrota.

Innbrot Pikant

INNBROT: Ubedne gjestar har teke seg inn i Pikant sitt bygg ved å knuse ei rute i ei av inngangsdørene.

Foto: Pikant

Tidlegare vart det kjend at Pikant hadde hatt innbrot og at det var knust ei rute på Coop-kafeen på Kronborg utanfor Førde sentrum. No viser det seg at også restauranten Picasso i sentrum har hatt innbrot.

– Det på Coop set vi ikkje i samanheng med det som skjedde i sentrum. Ingen skal ha vore inne der. Men vi har arrestert ein mann i 40-åra som er mistenkt for å ha vore inne på dei Pikant og Picasso, fortel politibetjent Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Klokka 12.25 fekk politiet også melding om eit innbrot i ei hytte på Førde camping.

– Vi ser heller ikkje dette i samanheng med innbrota på Pikant og Picasso. Det er truleg ikkje stole noko, og det er snakk om ei øydelagd dør, seier Skrøppa.

Stal kontantar

Men ein mann er altså pågripen for innbrota på Pikant og Picasso,

– Det er opplysningar som vi har frå vitne og anna politiarbeid som er gjort på staden, som har ført til pågripinga, seier Skrøppa.

politi på pikant etter innbrot

UNDERSØKER: Politiet gjer undersøkingar på Pikant.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mannen er ein tidlegare kjenning av politiet. Både på Picasso og på Pikant er det stole ein mindre sum med kontantar.

– Mannen vil bli avhøyrt i løpet av dagen og så vil ein politijurist vurdere om det blir varetektsfengsling.

Knuste rute i døra

Politiet rykka raskt ut til Pikant då alarmen gjekk kring klokka 00.30 natt til måndag. Det same gjorde Frode Nordeide, som driv restauranten og utestaden.

– Vi har alarm på bygget, så dei har nok vore raskt inn og ut, seier han.

Tjuven, eller tjuvane, har knust ei rute i den eine inngangsdøra og teke seg inn i bygget. Der har dei vore i kasseapparatet og teke med seg kontantar.

– Vi veit ikkje endå kor mykje det er snakk om, seier Nordeide.

Skrøppa seier han ikkje veit om same innbrotsmetode er brukt på Picasso. Politiet har måndag gjort undersøkingar på alle tre stadane, men den knuste ruta på Coop-kafeen er altså ikkje sett i samanheng med dei to innbrota i sentrum.

Coop kafe innbrot kronborg førde

KNUST RUTE: Ved Coop-kafeen på Kronborg i Førde. Det er usikkert om nokon har vore inne.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK