Hopp til innhold

Politiet ber om tips for å finne Veronica

Politiet ber om tips frå publikum i leitinga etter 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet som har vore sakna frå heimen sin i Årøy i Sogndal sidan laurdag.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA KVINNE: Leitemannskap har sidan tysdag søkt etter Veronica Heggheim Stegegjerdet utan resultat.

Foto: Christain Blom / privat

Leiteaksjonen har pågått sidan tysdag. Bakgrunnen var at pårørande då ikkje hadde hatt kontakt med ho sidan laurdag.

– Leitinga som starta tysdag kveld har teke utgangspunkt i nærområdet og stadig vorte utvida til område der ho kan har gått på tur, dersom ho har gjort det, seier Stein Helge Selland, innsatsleiar i politiet.

Dei har leita i store geografiske nærområdet på land, og gjennomført båtsøk i store område. Så langt utan hell.

Stein Helge Selland

INNSATSLEIAR: Stein Helge Selland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har ingen spor å gå etter. Vi veit at ho sist skal ha vore i sin eigen heim laurdag kveld, seier Selland.

Politiet ønsker tips frå alle som kan ha sett eller høyrt noko som kan vere relevant for å finne kvinna.

Politiet har telefon 02800.

(Saka held fram under videoen)

I Sogndal leitar politiet etter ei ung kvinne på 22 år og ønskjer tips i saka.

Foto: Halvor Farsund Storvik/Redigering: Heidi Lise Bakke

Søk over til leiting etter antatt omkommen

Politiet veit ingenting om omstenda rundt forsvinninga. I ettermiddag har 38 personar frå Raude Kors, Norske Redningshundar og Sivilforsvaret vore med i leiteaksjonen, i tillegg til folk frå politiet. Totalt har 53 personar bidrege.

Leiteaksjonen vil endre status i morgon, seier innsatsleiar Selland.

– Ut ifrå at me har søkt på så store område ser søket etter sakna person ut til å ende no i kveld. Då vil det gå over i ein fase der vi leitar etter antatt omkommen.

– Ingenting tyder på noko kriminelt

Politiet har sett i verk ein leiteaksjon i Årøy i Sogndal, etter ei kvinne i 20-åra.

UTAN SPOR: Politiet har så langt ikkje spor etter kvinna som sist vart sett laurdag.

Foto: Christian Blom

– Fryktar de at ho kan vere utsett for noko kriminelt?

– Vi har ikkje noko haldepunkt for det så langt. Men så lenge vi ikkje finn den sakna, må ein halde alle moglegheiter opne. Men det er ikkje noko så langt som tilseier at ho skulle vore utsett for noko kriminelt, opplyser konstituert lensmann Norvald Ylvisåker.