Hopp til innhold

Politiet leita etter eldre kvinne

Den eldre kvinna som var sakna i Sogndal, er komen til rette heime hos seg sjølv.

sogndal

Klokka 06:30 i dag tidleg fekk politiet melding om ei eldre kvinne som var kledd i raud morgonkåpe, kvit kjole og svarte sokkar i Sogndal sentrum. Ho vart då sett i parken, og ho gjekk austover.

– Dersom nokon har vore i kontakt med kvinna ber vi dei om å ringe oss. Vi må undersøke at det står bra til med henne. Det kan vere naturlege grunnar til dette, men det er ikkje bra å gå så lettkledd ute i Sogndal no, sa operasjonsleiar hjå politiet, Per Rimmen.

Men no er kvinna altså funnen i god behald heime hjå seg sjølv.