Hopp til innhold

Hilde (25) må reise 50 mil til si nye heimebane

Volleyballspelaren Hilde Elvebakk (25) går frå Førde til Oslo Volleyball. – Eg har lyst på noko anna enn bronsemedalje, seier naustedølen.

Hilde Elvebakk

LEI BRONSE: Hilde Elvebakk tok si femte bronsemedalje med Førde i fjor. No vi ho jakte edlare metall med Oslo Volleyball.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det stod mellom Førde og Nyborg for ein månad sidan. Så kom dei beste klubbane i Norge på bana: Oslo Volley og Stod Volley.

Hilde Elvebakk lét seg lokke av landslagsveninner og gjekk for tigerstaden og trenar Marko Milosevic sitt lag.

– Eg prioriterte mine eigne personlege mål og landslagsspel. Då hadde Oslo Volley det beste tilbodet, seier 25-åringen.

Vil ha gull

Naustedølen skal framleis bu og jobbe som radiograf i Bergen, og vil med valet sitt halde fram med reisehelgar for å kunne spele volleyball på høgste nivå.

– Nyborg er nyopprykka klubb og dei har vel ikkje mål om noko anna enn bronsemedalje. Men eg er veldig lysten på cupgull og noko anna enn bronse i serien, seier kantspelaren som frå før har fem bronsemedaljar med BSI og Førde.

Siste cupfinalen ho spelte var for BSI mot Koll i 2009.

Takka nei til Stod

Oslo Volley har spelt fire cupfinalar på rad. I 2012 og 2013 enda det i suksess. Sidan 2000 er det blitt fem cupsølv.

I serien vart det gull i 2013, medan Stod vart for sterke både året før og etter. Sølv vart det også i 2011 og 2008.

Elvebakk var ynskt også hos trønderklubben Stod. Der var også Førde-spelar Martine Viken ynskt, men også ho takka nei.

– Eg takka nei til det. Dei har kjempeopplegg rundt lag og trening, samt at dei spelar Europacup. Men det blir for tungvint og for lange reiser, seier Elvebakk.

Langt til heimebana

Pendling blir det uansett for naustedølen også i framtida vil ha adresse Bergen og heimebane i Oslo – nær 500 kilometer unna.

– Det tek ikkje nødvendigvis så mykje lenger tid når ein tek fly, så eg trur det skal gå bra. Minus er at alle helgar blir reisehelgar, seier 25-åringen og vedgår at det også blir ei utfordring å ikkje kunne trene fast med lagveninnene sine.

– Men det blir nokre treningssamlingar i forkant og treningskampar. Så får vi sjå om eg reiser nedover noko før enkelte kampar for å få treningar med dei, seier Elvebakk.

Var avgjerande

Jan Egil Tvinde og Frank Kalstad

SAKN: Trenar Jan Egil Tvinde (t.v.) seier Førde jobbar med å hente inn erstattar for Hilde Elvebakk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde-trenar Jan Egil Tvinde har forståing for at fjorårets største poengsankar i Eliteserien vel å følgje eigne ambisjonar. Samstundes vedgår han at det blir eit stort sakn å miste Elvebakk.

25-åringen var ein stor grunn til at Førde fekk bronse i fjor.

– Skal ein hevde seg, så er det avgjerande å ha ein spelar som plukkar vesentleg meir poeng enn snittet i kvar kamp, seier Tvinde.

– Trur du på bronse også kommande sesong?

– Med det mannskapet vi har no, så skal det halde veldig hardt.

Sunnfjordingane er no i gang med å finne erstattar for kantspelaren.

– Det er berre ei Hilde Elvebakk, men vi håpar å finne ein erstattar som gjer tapet minst mogleg, seier Tvinde og håpar igjen å kunne sjå Elvebakk i Førde-trøya ved seinare høve.

NB! Når det gjeld Nordic League-deltaking for damelaget, så vil Førde volleyballklubb vente med avgjerda til dei ser kva spelarar dei disponerer kommande sesong.