Hopp til innhold

Slik sette dei opp vikepliktskilta - Vegvesenet vedgår at det heile er flaut...

Veit du kva dette vegskiltet fortel? Ikkje så rart om du ikkje gjer det - for du finn det ikkje i trafikkreglane. Likevel er det sett opp minst to stader i Sogn og Fjordane...

Montasje - opp ned-skilt

NYE TRAFIKKSKILT? To stader i fylket har observante trafikantar stussa over ein ny skiltvariant. Til venstre Dalsfjordsambandet, til høgre Reed i Gloppen.

Foto: Peter Bergheim/nrk-tipsar

I løpet av dei to siste dagane har NRK fått tilsendt to foto av det trekanta skiltet med spissen opp, det eine der vegen frå Hetle bru møter E39 på Reed i Gloppen, det andre er på Eikenes på Dalsfjordsambandet i Askvoll.

Peter Bergheim, som tok foto av skiltet på Reed, kan fortelje at han la merke til at ein kar frå eit entreprenørfirma dreiv og monterte skilt då han passerte i lastebil.

– Då eg såg i spegelen tykte eg at det såg litt rart ut, så eg tenkte å stoppe og seie frå på tilbaketuren. Men då eg kom tilbake var fyren vekk, og skiltet stod der med spissen opp.

Han tok bilete av skiltet. Då han kom tilbake til jobben på Byrkjelo gjekk han inn på nettsidene til Statens vegvesen for å vere heilt sikker i si sak. Kanskje det kunne ha kome til eit nytt skilt sidan han sist sjekka? Men han fann berre det han visste skulle vere der:

Vikepliktskilt m.a.
Foto: Statens vegvesen

Bergheim tykte det heile var litt morosamt. Men han synest at dei som har jobben med å sette opp skilt bør vite kva som er opp og kva som er ned.

– Så her kan det nok vere trong for litt vaksenopplæring. Montøren køyrde bil, så han skal vel ha lært skilta.

– Litt flautt

Tipsaren som tok biletet av opp ned-skiltet på Eikenes i Askvoll kan og fortelje at det var folk frå eit firma som monterte skiltet der

Han fortel at ein representant frå Statens vegvesen også vart merksam på feilen og tok foto av det og sende til sine overordna, men torsdag var skiltet framleis feil veg.

Lars Erik Karlsen er prosjektleiar for drift i Statens vegvesen Fjordane. Han vedgår at det heile er litt flautt.

– Ja, det må vi berre vedgå. Vi beklagar at skilta er sett opp feil. På Reed er det eit såkalla forvarselskilt som er feil, i sjølve krysset står skiltet rett veg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Erik Karlsen

BEKLAGAR FEILEN: Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Kjenner ikkje grunnen

Han fortel at det er entreprenørar som har gjort arbeidet, og at dei no er varsla og er på veg for å rette feilen.

– Men burde ikkje folk som har førarkort vite kva veg skiltet skal stå?

– Jau, her er det ein tabbe som eg ikkje kjenner grunnen til. eg har ikkje fått spurt entreprenøren om kvifor det skjedde.

Karlsen seier at ingen av opp-ned-skilta medfører nokon fare for trafikken.