Hopp til innhold

Unik plante avslører skjebnen til steinaldermennesket

Den vesle planten fortel ei dramatisk histore om korleis steinaldermennesket vart råka av tsunami på verst tenkeleg tidspunkt.

Avslørte når landets verste tsunami råka

MOSE: I meir enn 8000 år har mosen lege lagra i jorda, etter at den brått vart riven opp av ein voldsom tsunami. No har den gjeve forskarar svaret på når katastrofen råka landet.

Foto: Knut Rydgren

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har vore begeistra i mange år, då vi ante at dette kunne la seg gjere. Vi fann plantefragment, og det vart tidleg klart at det skjedde på hausten, men at vi nærast kunne seie kva månad det hadde skjedd, det hadde eg ikkje trudd, seier professor i geologi, Stein Bondevik.

Professor Stein Bondevik er tsunamiekspert, og ein av dei som har funne ut når Storeggjaskredet råka

NITIDIG: Detaljert og grundig gransking av jordlaget frå 8000 år sidan har gjeve forskaren nye svar om kva som skjedde då Storeggjaskredet råka for 8000 år sidan. Geologiprofessor Stein Bondevik, er sjølv overraska over kor nøyaktige svar ein har fått.

Foto: Knut Rydgren

Forskaren er nok den som veit mest om kva som skjedde den dagen for 8150 år sidan. Då vart eit av verdas største undersjøiske ras utløyste i Norskehavet og Nordsjøen, og sende ein gigantisk tsunami inn over land. Ikkje berre i Noreg, men også til Færøyane, Shetland, Skotland og Grønland. For steinaldermenneska i området fekk hendinga truleg enorme konsekvensar.

Bora i etasjemose

Han har bora seg ned i jordlag etter jordlag på stader der det er tydlege teikn etter hendinga, for å få vite meir om kva som hende. Og då kom han også over det som synte seg å bli nøkkelen til svaret på når på året tsunamien råka.

– Vi fann nokre utruleg flotte eksemplar av etasjemose, som framleis var grøn på farge, sjølv om den var 8000 år gamal, fortel Bondevik.

Då han tok til i jobb ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, fann han raskt ut at ein av landets fremste ekspertar på nettopp etasjemose heldt til ved same høgskule. Bondevik og professorkollega Knut Rydgren sette raskt sine hovud saman, og augna håp for å finne svar på nokon ingen andre hadde gjort før.

Jorda og det som ligg i jordlaga blir grundig undersøkt av varsome hender.

NØKKELEN: Jorda og det som ligg i jordlaga blir grundig undersøkt av varsame hender.

Foto: Knut Rydgren

Enorme konsekvensar

Bondevik, som har tsunamiar som spesialfelt, trur flodbølgja som slo inn over land var ei av dei største som har vore. Massane frå skredet som vart løyst ut kunne dekt heile Noreg med ti meter masse.

– Kanskje var tsunamien ein og ein halv gong så stor som tsunamien som råka i det Indiske hav i 2004, fortel professoren.

Råka på verst tenkjeleg tidspunkt

– Folk budde heilt nede ved sjøen, på stranda. Dei var avhengige av det havet kunne gje dei av mat, fortel geolog Stein Bondevik.

I det anerkjende forsikingstidsskriftet «Geology», har han saman med professor i biologi, Knut Rydgren, publisert forskingsresultata der dei tidfestar hendinga til oktober. Funna tyder også på at katastrofen råka på verst tenkjeleg tidspunkt.

– Då var steinaldermennesket på buplassane ved havet, så fleire vart truleg råka. I periodar av året var dei truleg i fjellet på reinsdyrjakt, men seint om hausten var dei tilbake i låglandet, seier Rydgren.

Før vinteren var det viktig for menneska å bygge opp lager av mat og utstyr som dei kunne tære på gjennom vinteren. Når tsunamien med sine 10–12 meter høge bølgjer slo inn over land, frå Nordkapp til Karmøy, så må ein også rekne med at mykje av forrådet som var sanka og lagra gjekk tapt.

– At det skjedde rett før vinteren sette inn må ha vore meir kritisk enn om tsunamien skjedde midt på sommaren, seier Rydgren.

Etasjemosen avslører hemmelegheita

Forskarane bora på ny fleire meter ned i jorda for å finne avsetningar og lag frå tida då tsunamien slo inn over land.

– Vi plukka ut 19 heile etasjemoseskot, og målte dei. Så samla vi inn skot frå notida, frå ulike stader i landet og frå forskjellige år, slik at vi kunne samanlikne storleikar, seier Rydgren.

professorane Knut Rydgren og Stein Bondevik står bak den banebrytande forskinga

UNIKT: Arbeidet til professorane Knut Rydgren og Stein Bondevik er eineståande, og har vekt oppsikt i forskingsmiljø verda over.

Foto: Privat

Etasjemosen veks ein avgrensa etasje i året, og dermed er eit godt eigna forskingsobjekt for å få svar på klima- og miljøpåverknad. Storleiksforholdet mellom dei ulike etasjane på plantane gjorde det mogleg for forskarane å seie noko om når på året dei 8000 år gamle plantane vart rivne opp av flodbølgja.

– Storleiksforholdet er større seint på hausten, og mindre tidleg på våren, seier Rydgren.

Eit unikt prosjekt

Etter nitidig gransking av planterastane sat forskarane att med konklusjonen, og dei er ganske så trygge på at svaret er riktig.

– Etasjemosen blir påverka av vêr, og korleis vêrtilhøva var så langt tilbake i tid er umogleg å vite. Men ut frå samanlikningane, kan vi vere trygge på at dette skjedde seint om hausten, konkluderer Rydgren.

Forskarar andre stader i verda har allereie fatta stor interesse for forskinga, som nyleg er publisert. Tidlegare har ein klart å finne ut når ei stor flodbølgje råka vestkysten av USA kring 1700. Det gjorde ein ved å sjå på årringar på tre, men då hadde ein også skriftlege kjelder å støtte seg til.

– Dette er oppsiktsvekkande. Det spanande er at planterestane framleis var grøne, og fekk datert dei til 8150 år gamle, og såg vidare på skota. Det er eit nybrotsarbeid, seier Bondevik.