– Det har vore planlagt lenge og vi er alt i gang med å klargjere tomta. Vi meiner tida er moden for å bygge ut no og at det er marknad for det, seier direktør og eigar av Quality Hotel Sogndal, Jørgen Christian Lindstrøm.
Utvidinga vil koste 175 millionar kroner og gje hotellet 111 nye rom. Inne i planane ligg det også ein konferansesal, nytt hageanlegg og parkeringsgarasje.
Utbygginga er planlagt ferdig 1. mai 2019.
Hotellet vart bygd i 1962 og har per i dag 115 rom. Med den planlagde storinvesteringa har konsernet som eig hotellet brukt ein halv milliard på utbygging og utbetringar sidan 1991.
Doble kapasiteten
Etter utbygginga til 226 rom er hotellet størst i fylket.
– Vi skal bygge ut hotellet med ny soveromsfløy i lenginga av den vi har. Bygget blir i seks etasjar med opp til 21 rom i kvar etasje, og ein konferansesal på 500 kvadratmeter. Vi skal heve hageanlegget, med parkering under og nytt uteareal oppå, seier Lindstrøm til NRK.
Totalprisen er rekna til 175 millionar koner.