Hopp til innhold

Planar om asylmottak lagt på is

Det blir ikkje noko asylmottak i Stryn med det første. Norsk Folkehjelp har nemleg lagt planane på is for denne gong.

Loen hotel

LEGG PLANANE PÅ IS: Det blir ikkje noko asylmottak i Stryn kommune i denne omgang. I går vart Loen Hotell, som var planlagd som mottak, kjøpt opp av lokale eigarar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Planane om å plassere 60 asylsøkjarar i Loen og 95 i Innvik har møtt sterk motstand frå både kommunen og innbyggjarane.

Trygve Augestad i Norsk Folkehjelp seier dei har lagt merke til dette, og at dette saman med problem med å finne gode nok bygg til å huse asylsøkjarane gjer at dei legg planane på is.

– Vi har framleis lyst å jobbe vidare med Stryn, og jobbar vidare for å få til eit godt asylmottak der. Men vi greier ikkje få det til innanfor den anbodskonkurransen som er utlyst no.

– Difor legg vi førebels planane på is, seier han til NRK.no fredag føremiddag.

Kjøpte opp bygget som var tenkt til mottak

Ordførar Sven Flo i Stryn har kalla prosessen rundt opprettinga av eit asylmottak i kommunen har gått for fort og vore udemokratisk. Kommunen gjekk første høyre om planane i starten av april.

På eit folkemøte sist veke opplyste representantar frå Norsk Folkehjelp og UDI at verken kommunen eller bygdefolket kan stogge planane dersom mottaket i Stryn er best økonomisk og kvalitetsmessig.

Men planane til Norsk Folkehjelp blir altså no skrinlagde. I går vart det kjent at Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra har kjøpt Loen Hotel, bygget som var planlagd som asylmottak.

Hotelldirektør Richard Grov seier dei gjer dette for å sikre nok leilegheiter til dei mange arbeidsinnvandrarane i bygda, og avviser at det heng saman med det planlagde asylmottaket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trygve Augestad

MOTSTAND: Trygve Augestad i Norsk Folkehjelp seier dei ikkje har greidd å kome i mål med ei spreidd lokalisering av mottaket innan tidsfristen.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

– Sjeldan stor motstand

Augestad i Norsk Folkehjelp vil ikkje kalle oppkjøpet for spikaren i kista for asylmottaket, men vedgår at dette bidreg sterkt til at dei ikkje kjem i land med planane.

Samtidig er han klar på at det er svært viktig for dei å kome innbyggjarane i møte.

– Norsk Folkehjelp har følgd med på dei diskusjonane som har vore, både i Innvik og i Loen rundt denne mottaksetableringa. Vi har teke inn over oss signala som er kome i forhold til å spreie plassane meir, og vi har heile tida jobbe for å sjå på moglegheiter for andre lokalitetar i området, seier Augestad.

– Kva tenkjer du om motstanden dokke har møtt?

– Eg vil nok seie at det har vore sjeldan stor motstand mot planane i Stryn. Samtidig er mykje av den i forhold til at ein skal kunne gi asylsøkjarane og flyktningane eit godt tilbod, og protestane har gått på om planane våre vil innebere eit godt nok tilbod.

– Slik sett viser det ein omtanke for dei som skal kome, og det gir oss trua på at vi kan klare å få til eit godt tilbod ved eit seinare høve.

Kan bli aktuelt seinare

Uansett har dei ikkje greidd å få til ei ordning med ei meir spreidd lokalisering av asylsøkjarane, og med oppkjøpet av Loen Hotel har dei heller ikkje nok plassar.

– Vi har leita med lys og lykt for å finne eigna bustadmasse i Stryn, men kjem ikkje i mål til den anbodsfristen som er.

– Difor legg vi planane førebels på is, og håpar vi kan kome til bake med eit godt tilbod for å drive asylmottak i Stryn ved neste korsveg.