Hopp til innhold

Personbil treft av lastebilhjul

To personar slapp frå det med skrekken då varebilen dei sat i vart treft av eit tvillinghjul frå ein semitrailer inne i Lærdalstunnelen på E16. Det danna seg lange køar på begge sider av den sterkt trafikkerte tunnelen.

Semitrailer miste hjul i Lærdalstunnelen - personbil fekk materielle skader

MATERIELLE SKADER: Til alt hell slapp føraren av den kvite varebilen frå det utan skader etter at ein semitrailer miste eit tvillinghjul inne i Lærdalstunnelen torsdag ettermiddag.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Like etter klokka 12.30 torsdag ettermiddag miste ein semitrailer på veg gjennom den lange tunnelen to hjul. Dette skal vere snakk om eit tvillinghjul, altså eit hjul-par der to hjul står saman.

Det eine hjulet ramla av vel fire kilometer inne i tunnelen, og dette trefte ein personbil i fronten. Det andre skal ha losna i tunnelmunningen, og føraren av lastebilen merka då at noko var gale. Han skal då ha køyrt inn på ein parkeringsplass.

Ifølgje vakthavande Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal skal ingen personar ha kome til skade i hendinga, men bilen har fått ein del skader.

– Mannskap driv no med opprydding i tunnelen. Det er viktig å få fjerna glaskor og slike ting, spesielt med tanke på motorsyklar, seier Erikstad til NRK.no.

Han har ikkje opplysningar om kor store skader personbilen som vart treft har fått, men seier det mellom anna skal vere snakk om øydelagde lykter.

– Men føraren skal så vidt eg forstår ha køyrt bilen ut for eiga maskin, seier Erikstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lange køar på Aurlandssida etter at lastebil miste hjul i Lærdalstunnelen

LANGE KØAR: Det har danna seg lange køar på Aurlandssida etter at ein semitrailer miste eit tvillinghjul inne i Lærdalstunnelen på E16.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Lange køar

Det har danna seg lange køar på begge sider av tunnelen. Ifølgje folk på Aurland-sida skal køen der stå frå tunnelmunningen, vidare bort til rundkøyringa med avkøyring til Aurlandsvangen, og lenger mot Flåm på E16.

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til NRK.no at dei har send ei patrulje til staden for å undersøke saka.

Politiet har snakka med føraren av lastebilen som ikkje umiddelbart hadde noko god forklaring på kvifor hjula hadde ramla av.

– På generelt grunnlag vil vi få oppmode førarar om å sjekke at hjula sit fast som dei skal, seier Rimmen.

Tunnelen vart stengd like etter episoden, og vart først opna klokka 13.45 etter at mannskapet var ferdige med opprydding. Begge dei involverte bilane kom seg raskt ut av tunnelen.

Lærdalstunnelen