Hopp til innhold

Persa med ni sekund på nordisk

Inga Kårstad Skaar (16) sette ikkje berre ny personleg rekord, men sletta også ei bestenotering som har fått stå urørt i over 30 år.

Inga Kårstad Skaar junior-NM Byrkjelo

NY PERS: Inga Kårstad Skaar sprang inn til ny personleg rekord på 3000 meter under nordisk meisterskap i helga. Biletet er teke i samband med junior-NM på Byrkjelo tidlegare i sommar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg følte meg ikkje så pigg, så eg vart veldig overraska då eg kom i mål og fekk vite tida mi.

– Kva synst du om at du har sletta ei bestenotering som har stått sidan 1984 då?

– Det er litt stilig, flirer den unge jenta på telefon frå Finland.

Og ho har kanskje ekstra god grunn til å smile. Inga Kårstad Skaar har nemleg hatt ei svært tøff sesongoppkøyring, etter at ho i vår vart diagnostisert med kyssesjuka.

Men 16-åringen frå Førde IL sprang i går inn til tida 10.10,66 på 3000 meter under nordisk juniormeisterskap i Finland. Det skjer berre to veker etter at ho vann gullet på same distansen under junior-NM i friidrett på Byrkjelo, den gong med tida 10.19,35.

Med ny personleg beste skriv ho seg inn i historiebøkene på distansen her i fylket.

Ifølgje dagleg leiar Narve Heggheim i Sogn og Fjordane Friidrettskrins er dette nemleg ny aldersbestenotering for jenter 16 år i Sogn og Fjordane. Den gamle bestenoteringa for jenter 16 år var det Anne Lise Hollevik frå Jotun som hadde på 10,15,8, og den har stått sidan 1984, altså i 31 år.

– Dette er gøy, seier Kårstad Skaar til NRK.no.

Tøff konkurranse

Men med tøff konkurranse heldt det likevel ikkje til meir enn ein sjuandeplass, der danske Anna Emilie Møller vann med tida 9,29,90.

– Det er veldig høgt nivå på dei eg konkurrerer mot, seier 16-åringen og seier klassen går heilt opp til 19 år.

Ho er likevel svært glad for erfaringa, og seier det er kjekt å få prøve seg mot dei beste.

– Det er litt gøy å sjå korleis ein ligg an, og sjå at om ein får trent litt, så kan ein presse ned tida, seier ho og håpar ho etter kvart kan vere med i kampen om medaljar.

No blir det nokre dagar med kvile, før ho er på plass på trening igjen. Om to veker er det stemne igjen, kanskje blir det ny pers også då.

– Eg har jo lyst til å perse, men vi får sjå, det er mykje som skal klaffe.

Også Thomas Mardal frå Gloppen FIL noterte seg med eit solid resultat. 16,49 meter sikra han ein fjerdeplass i kule.