– Det er utruleg herleg, og ei perfekt avslutning på sesongen, som har vore fantastisk, seier Per Egil Flo etter å ha teke det andre gullet på kort tid.
Stryningen og Molde-spelaren spelte frå start då Molde møtte Odd i cupfinalen. Molde vann 2–0. Dermed er stryningen både cupmeister og seriemeister med dei blå og kvite.
Bra stemning i garderoben
25-åringen seier kampen var bra jamn i førsteomgang. Sidan tok Molde meir og meir over. Når det første målet kjem, meiner han dei hadde full kontroll resten av kampen.
– Stemninga i garderoben no var fantastisk. Det er dette vi har jobba for dei siste vekene. Å få avslutte sesongen på denne måten var heilt topp.
Laget har lada opp i Berlin for å få fokus på det dei skal gjere i cupfinalen.
Flo er godt nøgd med eigen innsats etter cupsigeren.
– Vi vant jo til slutt så, ler han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Skal kvile kroppen
– Det er vanskeleg å skildre korleis det er å vinne både serien og cupen. No skal vi gjere oss ferdig i garderoben og så vert det bankett og møte med dei «betre halvdelane» våre. Så er det tilbake att til Molde i kveld, seier han.
Sidan han kom til Molde i fjor sommar har han teke tre gull saman med laget. Flo seier han stortrivst i Molde og har kontrakt i to år til.
– No skal eg berre kose meg resten av kvelden, og så blir det ein lang ferie for å kvile kroppen. Så blir det å jobbe vidare frå januar av.
- LES OGSÅ:
– Ein moderne spelar
Molde-trenar Tor Ole Skullerud hadde mange lovord om stryningen etter dagens cupsiger.
– Flo spelte ein veldig solid kamp, spesielt i andre omgang. Han er ein av dei spelarane eg set mest pris på i Molde. Han jobbar hardt og seriøst, og eg håpar han vil vere med oss i Molde i lang tid framover.
Skullerud karakteriserer Flo som ein moderne spelar som har ei god framtid framføre seg, og han trur 25-åringen vil vere eit fast innslag på landslaget framover.
- LES OGSÅ:
Slik gjekk kampen: