Hopp til innhold

Pengar til Olden - Innvik

Det blir oppstart på siste strekninga på Fylkesveg 60, Olden-Innvik, neste år. Det avgjorde fylkestinget i kveld. Vedtaket vart samrøystes etter at eit forslag frå KrF og SV om å utsette saka til juni neste år hadde falle. Den økonomiske ramma for tunnel Ugla-Skarstein er sett til 387 millionar kroner, men fylkestinget vil komme tilbake til saka i april dersom det syner seg at arbeidet kan gjerast billegare.