Hopp til innhold

Pelagia ankar mot Nergård

Striden om sildoljefabrikk i Måløy ender opp i lagmannsretten.

Ulvesund formelfabrikk

STRIDENS KJERNE: Denne fabrikken meiner konkurrenten Pelagia at Nergård ikkje har løyve til å drive med sildolje og fiskemjølproduksjon ifrå.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Pelagia har bestemt seg for å anke saka mot Nergård der Pelagia vil nekte konkurrenten å drive sildoljeproduksjon ved tidlegare Ulvesund formelfabrikk.

Konsernsjef i Pelagia Egil Magne Haugstad seier til NRK at dei har sendt inn anke. Men vil ikkje kommentere saka nærmare no.

Arbeidsplassar står i spel

Ulvesund Formelfabrikk

OPP AV DVALEN: Den til no nedlagde Ulvesundet formelfabrikk er i ferd med å få nytt liv.

Foto: Arild Nybø / NRK

Nergård er i ferd med å 200 millionar kroner, og ynskjer å skape mellom 10 og 15 arbeidsplassar i Måløy. Lukkast dei med satsinga er det aktuelt å utvide aktiviteten endå meir, har selskapet tidlegare sagt.

Om Pelagia vinn fram i lagmannsretten kan mykje av investeringane det siste halve året vere til inga nytte.

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad frå Ap seier ho føl nøye med i saka.

– Vi er sjølvsagt opptekne av å få flest mogleg etableringar til Måløy, og ein ny sildoljefabrikk vil skape mange arbeidsplassar som vi sårt treng. Uansett så skal ikkje eg meine noko om kva som skjer i rettssystemet.

Tapte i tingretten

Tidlegare i haust vann Nergård Pelagic ei rettssak mot Pelagia i Fjordane tingrett.

Ulvesundet

KONKURRENTAR: Pelagia AS har stor aktivitet i Måløy, ein ny sildoljefabrikk lenger nord i sundet vil bety ein konkurrent tett på i leia.

Foto: Arild Nybø / NRK

Pelagia har hevda at det finst ein klausul for tomta til tidlegare Ulvesund formelfabrikk. Våren 2009 vart det laga salsavtale mellom Måløy Sildoljefabrikk, seinare ein del av Pelagia, og Industriutvikling AS som seinare vart innfusjonert i Nergård.

Klausulen skal ha gått ut på at det ikkje skulle startast konkurrerande verksemd, som produksjon av fiskemjøl og fiskeolje.

Etter å ha vunne rettssaka gjorde konsernsjef i Nergård AS Tommy Torvanger det klart at planen er å køyre i gang testproduksjon i desember, og ha oppstart for fullt over nyttår.

Torvanger sa i haust til NRK at dei kom til å køyre sitt løp, uavhengig av om dommen vart anka.