Hopp til innhold

Brøyta snø forbi rasstaden få minutt før raset gjekk

Brøytebilsjåfør Jim Flåten vart overraska då han fekk telefon frå ein kollega om at det hadde gått ras rett bak han.

Jim Flåten

HELDIG: Jim Flåten kom først på rasstaden i Sogndalsdalen. Ein nabo køyrde inn i raset og vart ståande fast.

Foto: Privat

Jim Flåten er brøytebilsjåfør og har vore på jobb i heile natt for å brøyte riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. I natt passerte han Selseng i ro og mak, men kort tid etter kom telefonen som fekk han til å bråsnu.

Stort ras

– Eg køyrde forbi rasstaden i natt då ein kollega ringde og sa det hadde gått ras akkurat der eg hadde passert. Så eg snudde og køyrde tilbake og då var det komme eit ras som var femti meter breitt og to meter høgt. Så hadde det drege med seg 100 meter med rekkverk.

Kort tid etter han var kommen fram til raset fekk han nok ein telefon. Det var ein bilist som hadde køyrt seg fast i raset.

– Det var faktisk ein nabo av meg. Det gjekk heldigvis fint med han.

Det er førebels usikkert kva tid vegen kan opne mellom Sogndal og Skei, opplyser Statens vegvesen.

Står trailerar ved rasstaden

Det vart sett opp vegsperringar og skilting av stenginga.

– Ein del trailerar var komne opp i dalen og vart ståande. Det er ikkje så lett å komme seg nedatt. Det står ein del trailerar i rasområdet. Men eg bad dei rygge vekk for å vere sikker, det kan godt komme meir ras i området, trur Flåten.

Det blir jobba med å brøyte nedatt til Sogndal og frå rasstaden til Fjærland. Han skal jobbe nokre timar til før han får avløysing.

– Det har vore eit veldig køyr i natt. Masse telefonar og mykje å gjere. Eg rekk ikkje over alt, seier Flåten.

Fleire fjellovergangar har problem med å ta trafikken forbi.