Hopp til innhold

No må du passe godt på - i dag startar hundedagane!

Hundar blir arge, fløyte blir ikkje krem, lik kan flyte opp og badevatnet blir dårleg. Det er tid for hundedagane!

Anna Avdem

HUNDEN OG EKSPERTEN: Anna Avdem meiner at det er viktig at vi har med oss den gamle folketrua. Ikkje minst om hundedagane.

Foto: arkiv / NRK

Om du stod opp i dag og merka at noko var litt annleis, så stemmer nok det. For no er vi inne i den perioden i året som generasjonane før oss verkeleg frykta.

I ein heil månad varar hundedagane, og lista over alt som kan gå gale er lang. Alt frå sinte bikkjer til råten mat, og for all del ikkje et fisk med R i namnet...

Gamle vêrteikn

På Sogn folkemuseum på Kaupanger jobbar Anna Avdem som museumslektor, og ho kan mykje om hundedagane.

– I norsk tradisjon er jo hundedagane knytta opp til det å spå veret. Dei såg på det veret som var i dag, og slik skulle det bli ein månad framover. Til dømes på Lesja der eg kjem frå, så heittes det at går hundedagane inn med regn, så går dei ut væte, fortel Avdem.

Andre tolkingar av vêret og hundedagane er at går dei ut med sol og varme som i dag, så blir det nok tørt og varmt ein månad til framover.

– Det kan vere ei tolking. Ei anna tolking er at går ein inn i hundedagane med godvêr, så går ein ut at med uvêr. Ei anna tolking seier at slik veret er i dag og dei tre første hundedagane, slik skal veret vere dei tre neste vekene. Her kan ein velgje! fortel Avdem.

Pisking av krem

INGEN LETT JOBB: Pisking av krem skal visstnok ikkje vere noko lett oppgåve under hundedagane.

Foto: Photographer: AoB / NRK

Statsmeterolog Karsten Eitrem var også oppteken av hundedagane i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane i dag tidleg.

– No som hundedagane har byrja med høg temperatur og høg luftfuktighet, så kom sjølvsagt tåka på kysten. Det stemte overeins på den måten. Det heiter seg jo med hundedagane at det veret ein går inn med skal halde fram ein månad. Men eg trur ikkje det stemmer for Vestlandet, sa Eitrem.

Eldgamle tradisjonar

Men kvar kjem eigentleg dette frå? Det er på langt nær nokon norsk tradisjon opphaveleg.

– Dette er jo ein arv frå det gamle Egypt, og har ein samanheng med stjerna Sirius som vert kalla hundestjerna. Den ligg i stjernebiletet Store Hund. Når denne viste seg på himmelen byrja Nilen å stige og flomtida starta.

Gjennom åra har dette spreidd seg vidare nordover, og på høgtysk heiter hund rote, og dermed finn ein også opphavet til at hundedagane mange stader blir kalla for røtedagane, røtdagane - eller råtedagane.

Hulder, krem og kopimaskin

– Så blir det også sett i samanheng med verbet å rotne, slik at det liksom då er den månaden då maten har lett for å rotne. Og det stemmer jo i denne varmen, og det er jo til dømes veldig vanskeleg å vispe krem, seier Avdem.

– Har du prøvd?

– Ja, ikkje i år, men tidlegare. Og det er jo ikkje lett å piske krem når det er varmt, seier Avdem og smiler.

– Har de merka noko til hundedagane inne på museet i dag då?

– Her på museet så slo kopimaskina seg vrang, og då diskuterte vi om det kunne vere hundedagane som verka inn på den. Men eg tvilar vel litt på det også, ler museumslektoren.

PS! I hundedagane har huldra meir makt enn elles. Så pass på!